Kunst og kultur er ei samfunnsbyggande kraft som bidrar til inkludering, ved å styrke fellesskap, forebygge utenforskap og utjamne forskjellar mellom folk. Kunst og kulturopplevinger kan og vere viktige arenaer som bidrar til å ivareta ytringsfriheten og byggje demokrati, og er dermed også ein viktig del av skuletilbodet.
Med fagfornyinga i «Kunnskapsløftet 2020» opnast det no opp for ny satsing på estetiske læringsprosessar, med fokus på dei overordna tema berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring.
Gjennom satsingprosjektet Verkstad da Vinci skalbarn og unge ha moglegheit til å skape, delta i og oppleve kunst og kultur av høg kvalitet — uavhengig av individuelle føresetnadar som bustad, alder, økonomi, etnisitet, språk eller funksjonsevne.
Målgruppe
Verkstad da Vinci som eit prosjekt for elevar og lærarar på 5.trinn.
Innhald
Verkstad da Vinci er eitt pedagogiske opplegg der elevar og lærarar på 5.trinnet har fått møte profesjonelle kunstnarar gjennom kunstnarmøter og verkstadar. Dette finn stad i Aggregat Kunstnarfellesskap sin fellesverkstad, i produksjons- og visningsrommet Mottaket og i klasserommet/skuleplana.
På Verkstad da Vinci får elevane oppleve og ta del i avanserte estetiske læringsprosessar gjennom å møte profesjonelle, skapande kunstnarar som arbeidar innan alle kunstformer som
- visuell kunst
- dans
- teater
- musikk
- performance
- skrivekunst
- animasjon
Det er arbeidd fram før- og etter-arbeid knytt til kvar workshop som skulen kan jobbe med på eigenhand
Verkstadane er òg forankra i dei fleste skulefaga, slik at ein oppnår den tverrfaglege djupnelæringa utdanningsdirektoratet beskriv at skulen skal arbeide for, i Kunnskapsløftet 2020.
Modellen vi nyttar i Verkstad da Vinci skal ivareta skulen sine ønsker og behov, læreplanens formål, samt kunstens egenverdi. Elevane som tek del i verkstadane arbeidar prosessbasert med leik og læring i samhandling.
Oppstart skoleåret 2023 — 24
Alle 5. klassane i Ålesund kommuna skal få tilbud om å delta på Verkstad da Vinci frå august 2023.
Her kjem det informasjon om korleis du som lærar kan melde på din skule sine 5.klassingar i Verkstad da Vinci.
Verkstadane startar i august 2023.
Har du eit ønske om å utvikle tverrkunstnariske samarbeid og formidle kunst og kreative prosessar til barn? Verkstad da Vinci lyser ut verkstadsperiodar for 2023 — 2024.
Open Call - søknadsskjema (åpner 15. mars)
Ein verkstadsperiode består av 19 økter med verkstadar til 5.klassingar.
Vi ser etter deg som:
- Vil teste ut nye arbeidsformer saman med andre
- Er åpen for å utvikle din praksis i samarbeid med pedagogar i skolen
- Brenn for å formidle kunst til barn
Alle søknadar vert vurdert, men 2023/2024 har vi ei oppfordring til kunstnarar som ønsker å samarbeide tverrkunstnarisk med andre kunstnarar om å søke!
Vi tilbyr honorarsatser etter Rammeavtalen om vilkår for oppdragstakere i Den kulturelle skolesekken. Vedtatt 1.8.2022.
Vil du vite meir?
Prosjektleiar for Verkstad Da Vinci er Trine Smoor Isaksen.