Særskilt opplæring og tospråklege lærarar

Elevar som ikkje kan nok norsk til å følge ordinær undervisning, har rett til særskilt norskopplæring, tospråkleg fagopplæring eg/eller morsmålsundervisning.

Lovheimel

Opplæringslova gir grunnlaget for særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar: «Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.» 

Rutinar i Ålesund kommune

Ålesund kommune har gode rutinar for språkopplæring for minoritetsspråklege elevar. Rutinane er like for alle grunnskolar i kommunen: 

  1. Skolen kartlegg eleven sine språkkunnskapar og om nødvendig også
    skolefaglige ferdigheter.
  2. Skolen vurderer behovet ut i frå kartleggingsresultat og tildeler timer for særskilt språkopplæring (norskopplæring, tospråklig fagopplæring og/eller morsmålsundervisning).
  3. Skolen fattar enkeltvedtak og set i gong med tiltak, bestiller tospråklige timar/ tosrpåklige lærere hos skoleeier/fagstab opplæring.

Skolane bruker UDIR sitt digitale kartleggingsverktøy som er en støtte til lærere for å finne ut

  • om elever med norsk som andrespråk trenger særskilt språkopplæring
  • hvilken norskopplæring eleven trenger og om det er behov for tospråklig fagopplæring og/eller morsmålsundervisning
  • når eleven er klar for å gå over til ordinær opplæring

Alle minoritetsspråklege elevar blir kartlagde og kartlegginga blir dokumentert minst to gongar per skuleår.   

Særskilt norskopplæring er forsterka tilpassa opplæring i og på norsk; også kjent som norsk 2 eller grunnleggande norsk; utført av ein faglærar i norsk eller ein lærar med spesialkompetanse i norsk som andrespråk.

Tospråkleg fagopplæring er opplæring i fag på norsk og på elevens morsmål utført av ein tospråkleg lærar. Morsmål blir brukt som støttespråk og det blir jobba mykje med forståing og læring av omgrep, ordforråd, forståing for tema og fag, og å tileigne seg kunnskap frå nytt og vanskeleg fagstoff. 
Anbefaling for minstetimer for tospråklig fagopplæring: elever kartlagt på nivå 1 i norsk: 2 timer pr. uke, nivå 2: 1.5 timer pr. uke og nivå 3: individuell vurdering

Morsmålsundervisning er opplæring i og på morsmål, særleg lese- og skriveopplæring på småbarnstrinnet (1.-4. klasse) og for elever utan skolegang; utført av ein morsmålslærer/tospråkleg lærar. 

Tospråklege lærarar 

Ålesund kommune har over 30 tospråklege lærerar i meir enn 25 ulike språk. Lærarane har godkjent lærarutdanning eller anna høgare godkjent utdanning, pedagogisk erfaring frå heimlandet og Noreg, og dokumentert norskkunnskap på nivå B2, som er eit høgare mellomnivå etter ein felles europeisk skala. Det arbeider tospråklege lærarar på alle grunnskolar i kommunen, frå 1. til 10. trinn.

Skolar med innføringstilbod/mottakgrupper for nyankomne elever

Helt ny i Norge? Kommunen tilbyr nytilflytta minoritetsspråklege elevar plass i inntil to år ved ein skole som har mottakgruppe/innføringsklasse dersom skolen har ledig kapasitet. Målet med innføringstilbodet er at elevane så raskt som råd skal lære seg tilstrekkeleg norsk til å følge den ordinære opplæringa i norsk skole. Følgende skoler i Ålesund Kommune har innføringstilbod:

  • Aspøy skole
  • Spjelkavik ungdomsskole
  • Skarbøvik ungdomsskole.

Ansvar og kvalitetssikring 

Som skoleeigar har kommunen ansvaret for tilsetting, opplæring, rettleiing, oppfølging og kompetanseheving for tospråklege lærarar. Det er tilsett ein koordinator for tospråklege lærarar som skal sikre kvaliteten av den tospråklege undervisninga og som har etablert gode samarbeidsrutinar for tospråklege lærarar, norsklærarar og kontaktlærarar på skolane.

KIlde: Opplæringslova § 2-8

 

Ansvarleg for tenesta