Samisk opplæring

Alle samiske elevar har rett til opplæring i samisk, uavhengig av kvar dei bor i landet. Er du samisk elev og ønskjer samisk undervisning må du melde frå til skolen din. Elevane og føresette veljar sjølv kva for eit av dei tre samiske språka - nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk - dei ønsker opplæring i, og elevane kan veljar samisk som første eller andre språk.

I skoleåret 2020-2021 har Ålesund kommune 6 elevar som mottar samisk opplæring i nordsamisk som 2. språk. Kommuna har eigen samisk lærar og opplæring gjennomførast på nærskolen. Kommuna tilbyr fjernundervisning i sørsamisk og lulesamisk i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms & Finnmark og Statsforvaltaren i Nordland.

Lovheimel

§ 6-2 i opplæringslova gir alle samiske elevar rett til opplæring i samisk språk. Dersom kommunen/fylkeskommuna ikkje kan gi opplæring i samisk med kvalifisert personale vil elevane ha krav på alternative formar for opplæring, jf. opplæringslova § 6-2 femte ledd og forskrift til opplæringslova § 7-1. Slik alternativ opplæring vil i praksis bety tilbod om fjernundervisning.


Rundskriv Udir-1-2021 fastsetter fag- og timefordelingen, og her går det frem hvor mange timer elevene skal ha i samisk. Rundskrivet angir et minimumstal timer: 

Elever med samisk som 1. språk

  • 1.-4. trinn: Minst 642 årstimer á 60 minuttar, i snitt 160,5 timer per år
  • 5.-7. trinn: Minst 312 årstimer totalt for trinnet, i snitt 104 timer per år
  • 8.-10. trinn: Minst 284 årstimer totalt, i snitt 94,7 timer per år

Elever med samisk som 2. språk

  • 1.-7. trinn: Minst 608 årstimer totalt, i snitt 87 timer per år
  • 8.-10. trinn: Minst 228 årstimer totalt, i snitt 76 timer per år

Ansvarleg for tenesta

 

Team oppvekst