Viktig informasjon om korona

Spesialundervisning i grunnskolen

Spesialundervisning i grunnskolen

Har du eit barn som ikkje har tilstrekkeleg utbytte av den vanlege opplæringa? Då tar du først kontakt med skolen eleven går på, eller skal gå på.

Kven har rett til spesialundervisning?

Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Før skolen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det ligge føre ei sakkunnig vurdering frå PPT av dei særlege behova til eleven.

Krav til skolen

Før ein elev blir tilvist PPT må skolen sjølv vurdere om eleven kan hjelpast innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Skolen må også prøve ut tiltak innanfor tilpassa opplæring. Dersom eleven framleis ikkje har tilstrekkeleg utbytte av opplæringa skal skolen tilvise til PPT.

Slik søker du

Slik søker du om hjelp på skolen.

Lovar og reglar

Retten til spesialundervisning er heimla i kapitel 5 i Opplæringslova.

Sjå også 

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Til toppen