Logoped til barn og vaksne

Logoped til barn og vaksne

Barn og vaksne med språk- og talevanskar kan få tilbod om hjelp frå logoped.

Korleis foregår logopedisk opplæring?

Logopedisk undervisning blir i hovudsak gitt på Åsesvingen og i Brattvåg. I tillegg kan det bli gitt undervisning på skular og i barnehagar, og det kan bli gitt digital undervisning der dette høver. Det blir gitt undervisning både i grupper og i einetimar.

Kva kan logopedar hjelpe med?

Logopedane dekkjer i hovudsak desse fagområda:

  • Stemmevanskar
  • Språklydvanskar (P.O.P.T, Metafon)
  • Stamming og løpsk tale (MiniKIDS, KIDS, Lidcombe, Palin PCI)
  • Erverva språk- og talevanskar (CIST, MIT, RGRM)
  • Kommunikasjonsvanskar ved nevrologiske sjukdommar (LSVT-Loud)
  • Munnmotoriske vanskar (Oral Placement Therapy)
  • Apraksi/dyspraksi (Praxis, Oral Placement Therapy)
  • Dysartri (Oral Placement Therapy)
  • Leppe-kjeve-ganespalte
  • Lyttetrening etter innsetting av Cochlea-implantat (Auditrain)

Korleis få tilbodet?

Logopedi barn

Ta kontakt med barnehagen/skolen, eller ta direkte kontakt med Ålesund vaksenopplæring

Søk om logopedhjelp for barn

Logopedi vaksne

Vaksne sender  søknad om logopedi til Ålesund vaksenopplæring

Søk om logopedhjelp for vaksne

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Lover og reglar

Til toppen