Undervisning i heimenI Norge har barn opplæringsplikt. Opplæringa skal skje i offentleg eller privat skole, eller som undervisning i heimen. Sist endra 09.01.2023 14.13 Vi oppdaterer no rutine for å søke om heimeundervisning. Ta kontakt med din nærskole hvis du har du spørsmål. Dersom du ut frå ideologi eller religion ønsker å undervise barna dine heime, kan du det under føresetnad av at innhaldet i undervisninga følger opplæringslova sine krav. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra og kan også kalle barnet eller ungdommen inn til spesielle prøver. Dersom lova sine krav til heimeundervisninga ikkje er oppfylt, skal kommunen kreve at barnet begynner i skole. Kriterium Formell pedagogisk kompetanse er ikkje påkrevd. Innhaldet i undervisninga må følge bestemmingar gitt i opplæringslova med forskrifter. Privat heimeundervisning må avgrensast mot skoleverksemd. Dersom ein underviser andre sine barn, er det skoleverksemd som må godkjennast av departementet. Målgruppe Foreldre til elevar i grunnskolen som ut frå ideologiske og/eller religiøse/livssynsmessige grunnar ser heimeundervisning som det beste for barna. Pris Kommunen pliktar ikkje å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får undervisning i heimen. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen. Elevar som får heimeundervisning har ikkje rett til spesialundervisning. Lover og retningsliner Opplæringslova §2-1, §2-13 og §14-2. Lover Friskolelova Opplæringslova Retningsliner Retten til privat hjemmeundervisning Om søknadsprosessen Du melder frå skriftleg til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning. Ta eventuelt kontakt med skolen i den kretsen du bur. Ansvarleg for tenesta Team oppvekst