13 PLUSS

13 PLUSS - tilsyn utanom skoletid

13 PLUSS er eit tilbod om tilsyn utanom skoletid for ungdom med nedsett funksjonsevne.

Tilbodet vert knytt til:

  • ungdomsskulane i kommunen
  • privat ungdomsskule etter avtale
  • vidaregåande skule etter avtale med Møre og Romsdal fylkeskommune

Tilbodet vert gitt i eigne lokale eller i nærmiljøet.

Kven kan få tilbodet?

Ungdom på ungdomstrinnet og ved vidaregåande skule med funksjonshemming eller nedsatt funksjonsevne som ikkje kan vere utan tilsyn, kan få eit tilbod om tilsyn før og/eller etter skoletid.

Dersom ein ungdom i same tidsrom og med same formål som 13 PLUSS har vedtak om andre avlastningstenester i medhald av Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, fell retten til 13 PLUSS bort.

Dersom ungdommen har vedtak om kommunalt døgnavlastningstilbod,  fell 13 PLUSS bort i same tidsrom.

Kva består tilbodet i?

Tilsynstilbodet skal tilpassast den enkelte sine ønske og behov for eit trygt og meiningsfullt opphald.

Opphaldstid

Tilbodet kan gis som heildags tilbod 07.45-16.15 inklusiv transport, eller med redusert opphaldstid ved færre dagar pr. veke.

  • Ungdomstrinn:
    opphaldstida er totalt 11 månader i perioden 1. august til 30. juni. Det vert gitt tilbod alle virkedagar, unntatt laurdag, jul- og nyttårsaftan og andre  heilagdagar og 5  planleggingsdagar.
     
  • Vidaregåande trinn:
    Opphaldstida er totalt 10 månader frå  skolestart til  skoleslutt. Ved behov kan kommunen tilby eit supplerande tilbod i haust- og vinterferie, og i perioden 1. august til  skolestart og frå skoleslutt til 30. juni.

I ferietid vil det bli sendt ut spørsmål om behov, både med omsyn til dagar og om tidspunkt for opphaldstid. Ved behov for endringar i ferietid, skal det gis tilbakemelding til  skole så tidleg som mogleg.

Transport

Det er den enkelte skole som søker om transport og koordinerer skoleskyss til den enkelte elev.

Lokale og bemanning

Tilbodet skal ha tilfredsstillande bemanning.  Skolane nyttar eigne lokale, men kan også nytte aktivitetstilbod i andre lokale.  Vidaregåande skole nyttar eigne lokale, men andre lokale til supplerande tilbod i ferietid.

Kva kostar tilbodet?

13 pluss er gratis, men utgifter til mat, materiell og eventuelle  aktivitetar vert fakturert med eit beløp på kr 500 ,- per månad.

Søk om plass på 13 PLUSS

Informasjon til føresette om tilbodet 13 PLUSS (PDF, 338 kB)

Søknadsskjema for elevar på ungdomstrinnet: https://skjema.onacos.no/alesund/skjema/skjema/ALE232/Sknadsskjema_13_PLUSS

Søknadsfrist er 30. april.

Kva skjer vidare?

Det er Koordinering og tildeling som saksbehandlar og fattar vedtak om 13PLUSS etter Helse- og omsorgstenestelova.

Oppseiing

Dersom tilbodet ikkje vert nytta ber vi om  at plassen vert sagt  opp minst 3 månader på førehand.  Skriftleg oppseiing  sendast til den aktuelle  skole.

Til toppen