Endre eller seie opp SFO-plassØnsker du å seie opp plassen din ved SFO? Då må du sende oss ei oppseiing, med mindre barnet ditt skal begynne i 5. klasse. Då blir plassen sagt opp automatisk. Seie opp plassen Oppseiingstida blir rekna frå og med den 1. i månaden etter at du har levert oppseiinga di. Det er ikkje mogleg å søke om permisjon frå SFO. Dersom du ikkje treng plassen ein periode, må du seie han opp, og søke om plass på nytt når du treng han igjen. Oppseiing og endring av opphaldstid for månadane april, mai og juni må gjerast innan 1.mars. Ved seinare oppseiing må det betalast ut juni månad. Sjå punkt 9 i vedtektene. Seie opp SFO-plassen Endre timetal Dersom du ønsker å endre tida barnet ditt har SFO, må du sjå på kva for kategoriar som finst. Endringa må gjerast seinast den 1. i månaden før endringa skal gjelde frå. Søk om å endre SFO-plass Ansvarleg for tenesta Team oppvekst Sist endra 03.07.2023 11.16