Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT)Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) jobbar for å inkludere alle barn, ungdom og vaksne i utdanningsløpet. Sist endra 07.02.2023 12.18 Kort fortalt PPT skal hjelpe barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling slik at dei legg til rette for barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med særlege behov. PPT undersøker om barn og unge kan ha behov for ekstra hjelp i barnehage og skule. Dersom du som forelder eller føresett er bekymra, kan du ta kontakt med skulen eller barnehagen. PPT skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med særleg behov for tilrettelegging. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PPT skal også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særlege behov. Kva gjer PPT? PPT sitt mandat er regulert i opplæringslova § 5-6 og barnehageloven § 19 c. undersøker om barn kan ha behov for ekstra hjelp, gjennom observasjon, kartlegging og testar. gir råd og rettleiing til foreldre og føresette. tilbyr kurs, nettverk og rettleiing til tilsette i barnehage, skole og andre samarbeidspartar. hjelper vaksne som ønsker utgreiing. Trykk her for meir informasjon om spesialpedagogikk og PPT. Kven kan få hjelp? PPT hjelper barn i barnehage og skole med spesielle behov: språk- og talevanskar konsentrasjonsvanskar sosiale og emosjonelle vanskar atferdsvanskar syn- og høyrselsvanskar generelle lærevanskar eller fagvanskar lese- og skrivevanskar matematikkvanskar ikkje-språklege lærevanskar alvorleg skolefråvær PPT hjelper også vaksne som ønsker utgreiing. Du kan ha rett til spesialundervisning dersom du ikkje har fullført grunnskolen, eller ikkje har grunnleggande evner i norsk, engelsk, matematikk, IKT og samfunnskunnskap. Slik søker du om hjelp i barnehagen Slik gjer du om du er bekymra for om barnet ditt har spesielle behov: Ta kontakt med barnehagen. Barnehagen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak. Barnehagen henviser til PPT. Om barnet fortsatt har vanskar, kan barnehagen og føresette vise barnet til PPT. PPT undersøker kva behov barnet har, og gir rettleiing og råd om kva barnet treng. Dersom PPT konkluderer med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, utarbeider PPT ei sakkyndig vurdering. Barnehagar finn oppdaterte skjema i samarbeidsgruppa på Teams. Føresette tek kontakt med barnehagen eller PPT for rettleiing. Kommunen gjer vedtak Konkluderer den sakkyndige vurderinga med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, skal kommunen gjere vedtak om dette. Meir informasjon Spesialpedagogisk hjelp barnehage (Udir.no) Saksgang ved bekymring Slik søker du om hjelp på skolen Slik gjer du dersom du er uroleg for om barnet ditt har spesielle behov: Ta kontakt med skolen. Skolen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak. Skolen viser til PPT. Om eleven fortsatt har vanskar, kan skolen og foreldre vise eleven til pedagogisk-psykologis teneste (PPT). PPT undersøker kva behov eleven har, og gir rettleiing og råd om kva eleven treng. Dersom PPT konkluderer med at eleven har behov for spesialundervisning, utarbeider vi ei sakkyndig vurdering. Skolen finn oppdaterte skjema i samarbeidsgruppa på Teams. Føresette tek kontakt med skolen eller PPT for rettleiing. Rektor gjer vedtak. Dersom den sakkunnige vurderinga konkluderer med at eleven har behov for spesialundervisning, skal rektor gjere vedtak om at eleven skal ha slik undervisning. Meir informasjon Saksgang ved bekymring (Udir.no) Spesialundervisning i grunnskole og vidaregåande opplæring (Udir.no) Spesialundervisning for vaksne (Udir.no) Kontaktinformasjon E-postadresse: pp-tjenesten@alesund.kommune.no Telefonnummer til Ålesund PPT: 70 16 25 00 Ansvarleg for tenesta Pedagogisk fagsenter (PPT)