Logopedteneste for vaksneEit logopedisk lågterskeltilbod inneber ei rask og relevant hjelp med fokus på tidleg innsats. Tilbodet skal vere lett tilgjengeleg, og vere i eit mindre omfang. Det krevst tilvising frå lege. Kven er lågterskeltilbod for? Lågterskeltilbod er for vaksne med: Stemmevanskar Taleflytvansker (stamming og løpsk tale) Språklydvansker Lyttetrening etter CI (Cochlea implantat) Kva kan vi tilby? Logopedhjelp gitt som lågterskeltilbod med heimel i opplæringslova § 4A-1 Logopedhjelp gitt som spesialpedagogisk hjelp etter opplæringslova § 4A-2 Logopedisk opplæring som spesialpedagogisk hjelp Dersom den vaksne deltakaren har behov for logopedhjelp i større omfang og over lengre tid, blir logopedhjelpa gitt som spesialpedagogisk opplæring etter opplæringslova § 4A-2. Dette gjeld følgjande vanskar: Språk - og talevanskar (f.eks Afasi og dysartri) Munnmotorisk trening Nevrologiske sjukdommar (t.d. Parkinson sjukdom) Kvar får ei hjelp? Logopedtilbodet blir i hovudsak gitt på kontoret til kvar enkelt logoped og/eller som gruppeundervisning. Undervisninga kan bli gitt digitalt for dei som ønskjer det (individuelt eller i gruppe). I enkelte tilfelle kan logopedhjelp givast som heimeundervisning etter avtale. Det blir i tillegg gitt rettleiing til pårørande og til personale i institusjonar ved behov. Undervisningsstader Åse: Åsesvingen 14, 6017 Ålesund. (Vis-a-vis den nye legevakten) Brattvåg: Haram tenestehus, Strandgata, 6270 Brattvåg Korleis søkje? Søk om logopedhjelp for vaksne Krav til vedlegg: Tilvisning frå lege. Legeerklæring som stadfestar om du har behov for skyss til og frå undervisninga. Ansvarleg for tenesta Vaksenopplæring Sist endra 18.01.2023 14.44