Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Barns miljø i barnehagar og skolar

Barns miljø i barnehagar og skolar

Verksemder som har tilsyn med - og omsorg for barn, må tilfredstille krava til miljøfaktorar som kan ha innverknad på barn si helse. 

Barna si arbeidsmiljølov 

Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler mv.  blir ofte kalt «barnas arbeidsmiljølov».

Forskrifta skal bidra til at miljøet i barnehagar og skolar fremmar helse, trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold, og førebygger sjukdom og skade. 

Forskrifta gjeld ved planlegging, tilrettelegging og drift av:  

  • Barnehagar og andre verksemder som - mot godtgjering, gir tilsyn med og omsorg for barn under skolepliktig alder når: 

    • verksemda er regelmessig og 
    • tilbyr opphald i meir ein ti timar i veka, og 
    • talet på barn som er der samtidig er tre eller fleire. 

  • Grunnskolar 

  • Vidaregåande skolar 

Kommunen sitt ansvar 

Kommunen har ansvaret for:

  • Godkjenning 
  • Tilsyn 
  • Rettleiing

Tilsyn 

Kommunen har ansvar for å føre tilsyn med barnehagar og skolar. I Ålesund kommune er det kommuneoverlegen som har delegert dette ansvaret. Teknisk hygienisk ingeniør planlegg og gjennomfører tilsyna. 

Tilsyna gjeld om verksemder som kjem under forskrifta, planlegg, bygger og driv etter reglane i forskrifta på ein allment akseptert måte.  

Meld frå til kommunen

 

Når det skjer alvorlege hendingar ved skolar og barnehagar er det varslingsplikt til den som er ansvarleg for tilsyn (kommuneoverlegen).  
 
Leiinga skal sende melding til kommuneoverlegen når det skjer ulykker og nestenulykker som er alvorleg av ein viss grad. 
 
Eksempel på typar hendingar/forhold som skal meldast: 

  • Skadar på barn/elevar som krev omfattande legebehandling (alvorlege brotskadar, hjerneristing eller liknande). 

  • Hendingar som kunne vore potensielt livstrugande (barn som går gjennom isen, barn som handterer farleg verktøy/utstyr tenkt for vaksne). 

  • Hendingar der barn har forsvunne frå barnehagen/skolen eller frå barnegruppa på tur. 

  • Vedvarande utfordringar med inneklima (ventilasjonsanlegg og/eller oppvarmingsanlegg som ikkje fungerer over tid, mistanke om fuktskadar som gir helseplager). 

  • Skadedyr og tiltak mot skadedyr der det blir brukt kjemiske middel. 

  • Oppussingsarbeid som gir støy, lukt, støv eller utfordringar med sikkerheita. 

  • Eksterne forhold som skolen/barnehagen ikkje er ansvarleg for sjølv (støy, støv osv.). 

  • Alvorlege og vedvarande utfordringar i det psykososiale miljøet. 

Meld frå om hending

Meld frå om områda eller rutinane

Vil du klage på noko som gjeld arbeidsmiljøet til barn? Kommuneoverlegen behandlar klager på inne- og uteområde, og rutinar ved skolar og barnehagar.

Alle krava i forskrifta finn du her.  I rettleiarane til forskrifta Miljø og helse i barnehagen og Miljø og helse i skolen finn du også det som blir rekna som «god praksis» i barnehagar og skolar, og som derfor legg lista for kva du kan forvente.

Her er nokre eksempel på klager som gjeld arbeidsmiljøet til barn: 

  • Reingjering og vedlikehald 

  • Dårleg sikkerheit, for eksempel manglar ved rutinar, konkrete ting som kan føre til ulykker eller skader, eller at det har skjedd ei unødvendig hending som førte til - eller kunne ført til, helseskade. 

  • Manglande tilrettelegging for barn eller føresette med funksjonsnedsettingar. 

  • Dårlege hygienerutinar eller smittevern. 

  • Dårleg inneklima, for eksempel mugg, fukt, tung luft eller dårleg lukt. 

  • Belysning 

  • Lydforhold – støy innan- eller utandørs 

  • Uhygieniske eller for få toalett eller stellerom. 

  • Utforming og innreiing 

  • Uforsvarleg oppussing medan skolen/barnehagen er i drift. 

Meld frå om hending

Ansvar

Kommuneoverlegen

Miljøretta helsevern

Lover og retningsliner  

Til toppen