Søk om tilskot
Private barnehagar som ønsker å etablere eller utvide etablert barnehagedrift må søke til Ålesund kommune om tilskot. Vedtak om tildeling av tilskot for nye barnehagar/nye barnehageplassar gjerast politisk.
Tilskotssatsar
Satsane for tilskot til drift av private barnehagar blir rekna ut frå gjennomsnittlege driftsutgifter i kommunens eigne barnehagar. Grunnlaget for rekninga er kommunerekneskapet to år før tilskotsåret. Tilskotssatsen blir indeksregulert med ein kommunal deflator.
Det blir rekna ein sats for barn under tre år og ein sats for barn over tre år. Barn blir rekna som under tre år i månadene januar til og med juli, og som over tre år i månadene august til og med desember.
Det skal reknast satsar for ordinære barnehagar og familiebarnehagar. Dersom Ålesund kommune ikkje har kommunale familiebarnehagar, blir det brukt nasjonale satsar for tilskot.
Kommunen skal innan 31.10 kvart år fatte vedtak om sats.
Tildeling
Kommunen skal fatte vedtak om tilskot innan 1. februar. Justert vedtak for perioden f.o.m. september t.o.m. desember skal fattast innan 1. oktober. Tilskot blir utbetalt forskotsvis kvart kvartal med avrekning på 2. og 4. kvartal.
Krav til den som mottek tilskot
- Rapportering i henhold til lokale retningslinjer for tildeling av offentlege tilskot
- Sende endringsmeldingar ved store aktivitetsendringar
- Følgje krava om kvalitet i barnehage, planar og lovverk for barnehagar, forskrift om tildeling av tilskot til private barnehagar og lokale retningslinjer. Se «Forskrifter og retningslinjer».
Forskrift og retningslinjer
Rapportering 1. september
Digitalt søknadsskjema for tilskot private barnehagar vert opna 15.08.2023 for rapportering av barnetall per 1. september 2023.
Rapporteringsskjema for private barnehagar i Ålesund kommune dannar grunnlag for eventuelt nytt vedtak om kommunalt tilskot for månadane september-desember. Skjema fin du her:
Rapportering for private barnehager - søk om tilskot
Det presiserast at barnehagane skal rapportere barnetall per 1. september og dei barna som vart tekne inn ved hovudopptaket, har rett på plass og startar den månaden dei fyller 1 år (for barn født september-november).
Søskenmoderasjon
Private barnehagar vil få refundert søskenmoderasjon etter rapportar tatt ut frå IST. Det er viktig at søsken ligg inne med same berekningsgrunn, InntektsID1 og rekningsmottakar til ein kvar tid.
Refusjonane vert utbetalt 2 gongar pr år – juni og desember.
Ved spørsmål om ordninga kontakt Linda på Linda.Hellandsvik@alesund.kommune.no eller Merete på Merete.Haugseth@alesund.kommune.no