Godkjenning av barnehagarFør ein barnehage kan settast i drift, må barnehagen godkjennast av kommunen. Kommunen har ei rettleiingsplikt overfor dei som ønsker å etablere ny barnehage eller utvide eksisterande drift. Før en barnehage kan settast i drift, må den godkjennast av kommunen. Kommunen avgjer søknad om godkjenning av barnehagar etter ei konkret vurdering av barnehagen er eigna i forhold til formål og innhald. Kommunen kan ved godkjenning sette vilkår for drifta med omsyn til talet på barn, barna sin alder og opphaldstid. Barnehageeigar forpliktar seg til å drive virksomheita i tråd med gjeldande regelverk, både med hensyn til pedagogisk innhald, helse, miljø og sikkerheit. Krava er mellom anna: Barnehagen sine vedtekter skal gi opplysningar om formål, opptakskriterier og opningstid For å sikre samarbeidet med barna sin heim skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval Barnehagen skal føre internkontroll Ved store aktivitetsendringar i eksisterande barnehagar må det søkast ny godkjenning. Når barnehagen er godkjent og i drift, gjennomfører kommunen jamnleg tilsyn med at gjeldande lov og regelverk blir fulgt. Kriterier og vilkår For barnehagar som må ha godkjenning, gjeld: Barnehagen skal drivast på regelmessig basis og minst eit av barna har eit opphald på meir enn 20 timer i veka Talet på barn som er til stades samtidig er ti eller fleire når barna er tre år eller meir, eventuelt fem eller fleire når barna er under tre år Virksomheita skal utførast mot godtgjerdsle Den som er ansvarleg for bygget eller den daglege drifta, må sørge for at det blir utført ei radonmåling. Om søknadsprosessen Kommunen gir deg rettleiing om kva godkjenningar/uttalelsar du som barnehageeiger må innhente før barnehagemyndigheita kan godkjenne barnehagen. Du bør derfor kontakte kommunen tidleg for å få informasjon om kva krav kommunen stiller. Private aktørar som har planar om å bygge barnehage, må ha konkrete og eigna forslag til tomt eller bygning som kan nyttast til barnehage, herunder plan om eigarform, driftsform og talet på barn og tilsette. Den som skal arbeide i barnehagen, samt eigar av barnehagen, må legge fram tilfredsstillande politiattest. Før igangsetting av prosjektet må det avklarast om barnehagen vil kvalifisere for offentleg finansiering frå kommunen. Når eigar har fått tilsegn om kommunalt tilskot, skal det søkast om godkjenning av barnehagen etter Lov om barnehager §6. Søknad om godkjenning må innehalde: Planteikning av barnehagen Teikningar av uteareal Parkeringsplassar Vedtektene for barnehagen Bemanningsplan Politiattest Søkar må vere merksam på at det også må søkast om godkjenning etter Forskrift om miljøretta helsevern Saksbehandling Søknad om godkjenning av barnehagen etter Lov om barnehager §6 blir behandla av Ålesund kommunestyre Kommunen har plikt til å behandle søknaden så snart som mogleg. Dersom søkanden ikkje kan avgjerast innan ein måned, skal du ha skriftleg svar om grunnen til dette, med opplysning om når ein antek at vedtaket vil bli fatta. Klage Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottek vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har fatta vedtaket. I klagen skal du angi kva du ønsker endra i vedtaket og begrunne dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Lover og forskrifter Lover Barnehageloven Folkehelseloven Opplæringslova Retningslinjer Innrapportering for barnehager Kvalitet i barnehagen - St.meld. nr. 41 (2008-2009) Retningslinjer for revisorattestasjon for årsregnskap av ikke-kommunale barnehager (F-06-11) Rutiner for legemiddelhåndtering i barnehage, skole og skolefritidsordning Rutiner for legemiddelhåndtering i barnehage, skole og skolefritidsordning fra Regjeringen.no Tilskudd til private barnehager Veileder til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager (IK-2072) Forskrifter Forskrift om disp. og unntak fra utdanningskrav (kjem) Forskrift om foreldrebetaling i barnehager Forskrift om føring av kontantstøtteregister Forskrift om midlertidig og varig dispensasjon og unntak fra utdanningskravet for styrer og pedagogisk leder. Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager Forskrift om politiattest i barnehager Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver Forskrift om saksbehandling ved barnehageopptak Forskrift om særbehandling av menn (kjem) Forskrift om tilskudd til private barnehager Økonomiforskrift til barnehageloven Ansvarleg for tenesta Team oppvekst Ansvarleg for tenesta Strategi og styring Sist endra 09.01.2023 11.58