Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Ferie og fridagar i barnehagane

Ferie og fridagar i barnehagane

Her finn du informasjon om feriar og planleggingsdagar i barnehagane.

Kort fortalt

  • Alle barn skal ha minst 4 veker ferie i løpet av eit barnehageår, 3 av vekene skal vere samanhengande.
  • Barnehagane fastset eigne planleggingsdagar.

Når er kommunale barnehagar stengde? 

  • Dei kommunale barnehagane er stengde laurdag, søndag, heilagdagar, offentlege fridagar, julaftan og nyttårsaftan.

  • Ferieavvikling er ulik frå barnehage til barnehage.

  • Barnehagane er stengde når det er planleggingsdagar. Det er fem dagar i året. 

Når er private barnehagar stengde? 

Private barnehagar har eigne vedtekter som bestemmer opningstida. Dersom barnehagane er feriestengde, vil du finne informasjon om dette i vedtektene deira.  Vedtektene finn du på barnehagane sine eigne sider. 

Gå til oversikt over alle barnehagane i Ålesund. 

Til toppen