Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Barn med særskilde behov

Tilrettelegging i barnehage for barn med nedsett funksjonsevne

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Kommunens tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er nødvendige for at barnet skal gjere seg nytte av barnehageplassen.

Dette er bestemt i barnehagelova § 19 g.

Kven har rett til tilrettelegging?

Foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne kan søke kommunen om tilrettelegging av tiltak som er nødvendige for at barnet skal kunne gjere seg nytte av barnehagetilbodet. Nedsett funksjonsevne skal vere dokumentert ved legeerklæring. Det er ikkje nødvendig med sakkunnig vurdering frå PPT, dersom det ikkje også vert søkt om spesialpedagogisk hjelp.

Korleis søke om tilrettelegging?

Det er barnehagen, i samarbeid med barnet sine føresette som søker om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne. Dersom barnehagen meiner at eit barn kan ha krav på støtte til kommunal tilrettelegging i barnehagen, har barnehagen ansvar for å informere dei føresette.

Det er kommunen som gjer vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne. Søknader blir behandla kontinuerleg.

Til toppen