Hjelpetenester for barn og ungdomDet skal vere trygt og godt å vekse opp i Ålesund. Mange barn, unge og familiar møter likevel på utfordringar, og kan ha behov for støtte. Det er heilt normalt. Her finn du ei oversikt over tenester som kan hjelpe.Kort fortaltHar du som ungdom behov for nokon å snakke med?Har du som føresett behov for å drøfte bekymringar for barnet eller ungdommen din?Har du som lærar eller andre som arbeider med ungdom behov for å drøfte ei bekymring? Er du barn eller ungdom? Det kan vere vanskeleg å vite kvar du skal gå når du har ei utfordring. I kommunen er det alltid nokon du kan snakke med, anten det gjeld deg sjølv, familie eller ein venn. Er det ein lærar du har god kontakt med, kan hen hjelpe deg med å finne rett teneste, eller du kan ta kontakt med helsesjukepleiaren på skulen eller fastlegen din. Alle som jobbar med barn og unge i kommunen har teieplikt. Det vil seie at du (eller foreldra dine om du er under 16) må seie at det er greit om dei skal kunne involvere andre.Råd og tipsBarneombodetJeg vil viteUng.no - har ei rekke gode artiklar om psykisk helse hos barn og ungdom.BarnevaktenSlettmegKors på halsen - samtaletilbod frå Røde Kors for alle opp til 18 år. Tenesta er ope måndag-fredag klokka 14-22 på telefon 800 333 21.Helsenorge.no - oversikt over fleire hjelpetilbod på telefon og nett som er nyttige når barn eller ungdom slit psykisk.Sex og samfunn - her finn du m.a. seksualundervisning og råd om seksuell identitet .Du kan også chatte anonymt med helsepersonell på iChattenRusmidler kan du lese om på nettsidene Weedensenteret og RusopplysningenNasjonalt kompetansetjeneste for søvnsykdommer Kjenner du eit barn eller ein ungdom som treng hjelp? I Ålesund kommune tek vi bekymringar for barn og ungdom på alvor. Aller helst ønskjer vi å kunne gi rett hjelp så tidleg som mogleg, slik at vanskane ikkje rekk å vekse seg større. Alle som jobbar med barn og unge i kommunen har teieplikt, og skal også kunne hjelpe deg vidare dersom ei anna teneste passar betre for ditt behov. Dersom det gjeld barnet ditt, kan du kontakte tilsette i barnehagen, på skulen, helsestasjonen eller fastlegen til barnet.Bekymringsfullt skolefråvær (PDF, 2 MB)Nasjonalt kompetansetjeneste for søvnsykdommer Oversikt over hjelpetenester til barn og unge Skulen Ta kontakt med ein lærar du har god kontakt med, eller sosiallærar/miljøterapeut/rådgivarHelsestasjonstenesta arbeider med barn og ungdom. Helsesjukepleiar har trefftid regelmessig på alle skular i kommunen. I tillegg er helsestasjon for ungdom ein stad ungdom kan kome når ein treng hjelp til noko, eller treng nokon å snakke med. Helsesjukepleiar er på skulane til faste tider. Helsestasjon for ungdom, drop-inn tilbod Moa Helsehus (onsdagar og torsdagar 14.30 – 19.00) Tlf.: 40 82 35 17Skolehelseteneste 6-20 år | Helsestasjon for ungdom Fastlegen: Hit kan ein gå for å snakke om det som er vanskeleg og få hjelp til å bli tilvist vidare dersom ein treng det, for eksempel til BUP poliklinikk (psykisk helsevern for barn og unge), eller til andre tenester i kommunen.Familiestøtte har ulike veilednings- og samtaletilbod til barn/unge (0-18 år) og familiane deira. Der er også gruppetilbod både for ungdom og føresette.Barneverntenesta har ansvar for å undersøke og gi hjelp til barn/unge/familiar som har utfordringar i heimen Avdeling Søndre (Ålesund) Tlf: 70 16 43 40 (opningstid 09.00-14.30) Avdeling Nordre (Brattvåg) Tlf: 70 20 75 00 (opningstid 09.00 – 14.30)Barnevernsvakta i Ålesund (døgnbemanning - Akutt bekymring rundt barn og unge Tlf: 915 76 020Bekymrar du deg for eit barn eller ein ungdom?Både barneverntenesta og krisesenteret kan gi hjelp dersom ein opplever vald i familien, eller frå andre som står ein nær. Ved bekymring for om eit barn eller ein ungdom er utsett for vald, skal ein kontakte barneverntenesta.Vald i nære relasjonar - sjå kva du kan gjere om du mistenker at nokon er utsatt for vald, eller om du sjølv er utsatt for vald eller overgrep heime.KrisesenterRask psykisk helsehjelp er eit samtaletilbod til dei over 16 år med lettere angst, depresjon eller søvnvanskar. Hjelpa er basert på kognitiv terapi og rettleia sjølvhjelp.Psykisk helse og rusteneste har ulike tilbod, hovudsakleg til dei over 18 år. Forløpskoordinator - Barn og unge som er i eit pasientforløp innan psykisk helse, kan få hjelp til å koordinere mellom spesialisthelsetenesta og dei kommunale tenestene.Ruskonsulent for ungdom ved familiestøttande tenesteBarn og unges helseteneste gir ein oversikt over kvar ein kan få hjelp med dei vanlegaste psykiske vanskane hjå born og unge.PPT - pedagogisk psykologisk teneste undersøkjer om det er behov for ekstra hjelp i barnehage eller skule.Prosjekt Rundskue er ei mentorordning for ungdom mellom 12 – 19 år. Arbeidstrening for ungdom 16 – 19 årRadikaliseringskontakt i Ålesund kommuneSLT – koordinator - Dersom det handlar om det rus- og kriminalitetsførebyggande systemet i kommunen, kan utfordringa eller bekymringa takast opp med SLT-koordinator.Andre hjelpararHer finn du nyttig informasjon og tips:Brosjyrer og nettsiderInformasjon om fleire aktuelle temaAndre tenester utanom kommunen:Familievernkontoret på Sunnmøre (Bufdir) BUP poliklinikk (psykisk helsevern for barn og unge)Politiet Dei kommunale tenestene er gratis (hos fastlegen er det ein eigenandel for dei over 16 år). Alle som arbeider hos oss har teieplikt.Er det noko du savnar? Sentralbordet/innbyggartorga (tlf. 70 16 20 00) kan også hjelpe deg med å finne rette teneste. Sist endra 09.09.2024 15.27