Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Barnehagane, grunnskolane og vidaregåande skolar skal over på grønt nivå frå måndag 20. september. 

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Møt tilsette

Konsulent

Portrett - Klikk for stort bileteSolveig Ristesund Nakken er ein av dei aller fyrste du møter når du kontaktar kommunen. Ho jobbar på Innbyggartorget.

Kva jobbar du med i Ålesund kommune?

Eg er konsulent på Innbyggartorget, som er førstelinja inn til kommunen. Nokre av mine arbeidsoppgåver går ut på å betene publikum som treng hjelp og rettleiing til å søkje om kommunale tenester. Eg utfører òg oppgåver for fleire kommunale verksemder, som f.eks. lage tilsettkort, fellesannonsen, hjelpe til med å halde heimesida til Ålesund kommune oppdatert og å ta imot tilbakemelding frå publikum på manglar på veg/vatn/avløp.

Kvifor valte du yrket ditt?

Eg er veldig glad i å jobbe med menneskjer, og å yte god service. På Innbyggartorget får eg gjere akkurat dette, for her har eg dagleg kontakt med kundar både på telefon, e-post og ved personlig oppmøte.

Fortell oss om din jobbreise (erfaring)?

Eg har hatt mykje varierte jobbar, eg har blant anna vore butikksjef i ein klesbutikk, kursadministrator i eit oljeserviceselskap og salssjef på eit hotell før eg byrja i jobben min på Innbyggartorget.

Kva utdanning kan ein ta for å jobbe med det du gjer?

Dei tilsette på Innbyggartorget har mange ulike utdanningar, men utover utdanning blir erfaring og kunnskap innanfor service, gode IT ferdigheiter og språk ofte etterspurt. For min eigen del har eg ein bachelor i Handels- og Serviceleiing, dette er absolutt ei utdanning eg har hatt bruk for i denne jobben.

Kva synes du er kjekt og spesielt med jobben din?

Eg synes det er kjekt at det så mange varierte og interessante oppgåver. Ingen dagar er like og ikkje minst at eg heile tida lærer meg noko nytt. Eg er òg rundt menneskjer heile tida som eg trives veldig godt med.

Kva er utfordringane med jobben din?

Kommunen er i stadig utvikling og har mange ulike prosjekt. Utfordringane blir da å heile tida halde seg oppdatert på kva som skjer i dei ulike avdelingane, slik at vi kan gje innbyggjarane god nok informasjon. Vi er derfor nøydt å ha møter ofte med dei ulike fagavdelingane.

Til toppen