Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Viruset er like farleg i dag som 12 . mars

Olav Mestad, kommuneoverlege i Ålesund. - Klikk for stort bildeOlav Mestad, kommuneoverlege i Ålesund.Eg er imponert over korleis folk i Ålesund har takla koronakrisa. Dei har akseptert og følgt reglane. Dei har vært lojale mot reglene, og dette har redda liv. Orda kjem frå kommuneoverlege i Ålesund, Olav Mestad. 57-åringen frå Skodje har i lag med Jonas Vegsundvåg vore kommunen sin hærførar i kampen mot koronaviruset. 

Vi har veldig låge smittetal i Ålesund. Vi har vore heldige, tenkjer eg. Men utan innsatsen frå både helsesjukepleiarar og andre helsearbeiderar som har stått på å testa og gitt råd til befolkninga, så kunne det vore mykje verre, seier han.

Det har vore gjort eit stort og viktig arbeid i kommunane i vårt distrikt. Møre og Romsdal har dei lågaste smittetala i heile Noreg, saman med Nordland. Status fredag 26. juni er 150 smitta i Møre og Romsdal Det er 0.57 per tusen innbyggarar.  I Ålesund er det 31 registrerte smitta. Dette utgjer 0.47 smitta per 1000 innbyggarar.  Det er svært låge tal i forhold til det sentrale Austlandet.

Tidleg vinterferie reduserte smitta

Klikk for stort bildeFrå det aller første møte i krisestaben til Ålesund kommune i mars. Eit par dagar seinare vart alle møta flytta over på teams. Olav Mestad nummer to frå høgre.  -Vi hadde vinterferie ei veke før Austlandet her i vårt distrikt. Då sunnmøringane reiste på ferie, var det lite aktiv smitte ute i Europa og på dei kjente vintersportsstadane. Berre ei veke sinar var situasjonen endra. Då vinterferien starta på Austlandet, var smitta aktiv ute i Europa,  og fleire av dei som reiste ut, tok med seg viruset heim, fortel Mestad.

Men også i vårt distrikt kom smitta frå Mellom-Europa. Likevel fekk vi ikkje nokre store utbrot.

-Vi var nok betre førebudd, og var meir merksam på smitta enn vi var berre ei veke før. Derfor fekk vi raskt kontroll over utbrota lokalt, seier Mestad. 

Sjølv om vi har vore heldige på våre kantar av landet, er det ikkje grunn til å slappe av enno. Viruset er framleis like farleg som det var då Noreg stengde ned 12. mars, og framleis er det aktiv smitte i befolkninga.

Viktig å ikkje sleppe opp

-Vi må ikkje sleppe oss ned no. Det er svært viktig at vi framleis hald avstand og følger smittereglane.  Vi skal vere heime og la oss teste om vi har symptom. Vi må fortsette å vere like strenge med handhygiene, vi må ikkje hoste eller nyse på kvarandre og vi må hugse å holde avstand på minst ein meter til dei som ikkje pleier eit nært fellesskap med til dagleg, seier Mestad. 

-Er dette nok til å hindre smittespreiing?

-Det er smitte ute i samfunnet, og risikoen for å bli smitta er til stades heile tida. Desse basale reglane hjelper oss til å redusere smitterisikoen mykje. Så må vi teste aktivt slik at vi oppdager dei som er smitta så tidleg som råd. Strategien i samfunnet er framleis å halde smitta på eit så lågt nivå som mogleg, seier legen.
 
Regjeringa opnar no opp samfunnet for meir og meir aktivitet. Frå midten av juli, kan ein òg reise til enda fleire europeiske land. Det er òg opna for at turistar kan kome til Noreg. 

-Vi vil nok oppleve at det kjem utbrot av smitte i samfunnet. Det er urealistisk å tru at vi kan utrydde viruset, men vi har gode reiskaper til å ha kontroll på smitta og sørge for at den er på eit nivå som vi kan handtere, seier han. 

Ålesund utan dødsfall

Klikk for stort bildeOlav Mestad har ikkje tal på kor mange Teams og Skype-møte det har blitt sidan mars. Ålesund kommune har 65.000 innbyggarar, men ikkje eit einaste koronarelatert dødsfall så langt. Det kan vi takke helsearbeidarane våre for. Mestad er klar over at påkjenninga har vore svært stor for mange eldre. Dei har ikkje fått ta i mot besøk frå sine nære, og har fått kvardagen sin endra. Men den strenge lina har lønt seg.

-Det er gjort eit fantastisk arbeid med å halde smitta utanfor institusjonane våre, der dei mest sårbare gruppene er.  Vi har ikkje hatt smitte i institusjonane, og jobben som både personellet og ikkje minst dei pårørande har gjort, har redda liv. Det er det ikkje tvil om, seier Mestad. 

Nyt ferien, men ta ansvar

No er sommaren her. Skolane har ferie, og fleire av oss førebur seg på å feriere heime eller i Noreg. I vårt nærområde er det fleire plassar der ein kan samle seg å nyte sommaren. 

-Folk må gjerne reise til dei mange små og store badestrendene våre. Dei har vi nokre av i vårt distrikt. Men ein trenger ikkje stimle saman i store grupper, slik ein gjør i Oslo sentrum.  Dersom ein hald avstand og er i mindre grupper, så skal folk nyte ein dag på badestranda med godt samvit. Men ein kan òg bruke tida på fjorden i båt, eller på tur i fjellet, der det er mindre folk og mykje større plass, oppmodar kommuneoverlegen. 

Koronaviruset har minst oss på at det lurer fleire farar der ute. I den vestlege verda har vi vore skåna for dei mest hissige og farlege virusa. 

- Situasjonen har minst oss på at også vi sårbare. Eg trur ikkje folk heit har forstått kor trygt vi har hatt det i vår del av verda. I andre deler av verda kjempar dei mot langt meir dødelege virus, som for eksempel ebola, men langt mindre ressursar enn det vi har til rådvelde. Lærdomen vi får no, kan bidra til å styrke oss i framtida, trur Olav. 

Klikk for stort bildeI starten hadde kommuneleiinga pressemøter i bystyresalen. Her bli kommuneoverlegen intervjua av NRK. Episenteret i Latin-Amerika

Det nye episenterert  for smitte i verda er no i Latin-Amerika.

-Der har ein ikkje dei samfunnsstrukturane og leiarane som her i vesten.  Smitta får spreie seg ukontrollert. Vi kan handtere ei stenging, men i mange fattige land vil ei slik stenging ofte vere farlegare enn sjølve viruset. Svolt, død og auka naud er resultatet. Det skal vi legge oss på minne nå vi klagar på restriksjonar og  påbod, seier kommuneoverlegen.

Olav Mestad visste lite om kva som venta han då han tok til i jobben som kommuneoverlege 1. mars. Han fekk han ansvaret for helsa til 65.000 menneske, samstundes som en pandemi banka på døra vår. 

-Det har vore ekstremt mykje arbeid ja. Eg er på ein måte i beredskap 24 timar i døgnet, og det vart veldig hektisk dei første vekene. Men vi var heldige her. Vi har hatt lite smitte, og dette har gjort at vi har hatt litt rolegare dagar etter kvart. Men no må folk nyte sommaren og hugse å følge smitteråda. Då blir kvardagen enklare for alle, avsluttar Mestad med.
 

Til toppen