Koronavirus

Siste nytt

Vinnarane av FIRST® LEGO® League i Ålesund er klare!

 33 lag frå 7. trinn i Ålesund har konkurrert digitalt i årets FIRST® LEGO® League-oppdrag: RePLAY. Vinnaren av championprisen er Draumeparken AS frå Valle skule!

Klikk for stort bildeÅrets champion; Draumeparken AS frå Valle skule 

Championprisen går til det laget som på ein entusiastisk måte viser kor morosamt, tilgjengeleg og verdifullt teknologi og realfag er, og med sin sterke innsats på alle område oppfyller visjonen med FIRST® LEGO® League(FLL). Vinnaren er Draumeparken AS! Som vinnar, får dei invitasjon til å delta i den skandinaviske finalen der dei møter andre vinnarar frå heile Skandinavia og Færøyene.

Dei 33 laga har i år konkurrert digitalt på i eiga plattform der dei har presentert løysingane sine på årets oppdrag: RePLAY. I RePLAY har elevane funne moglegheiter til å leike og vere aktive overalt. Det er stadig fleire menneske som ikkje er aktive nok og gjennom blant anna kreativitet, innovasjon, inkludering og lagarbeid har oppgåva for elevane vore å vise veg til ein morsom og aktiv livsstil for alle!

Presentasjonane til alle laga er tilgjengelege på MyOnvent.com under Exhibitors. I plattforma kan du også sjå opptaket av semifinalen og finalen i robotkampen som blei gjennomført 12. november i Møretanken på NMK. Opptaket ligg under Auditorium. Det er enkelt å registrere seg.

Robotkonkurransen

1. pris går til laget som har flest poeng samanlagt i to finalerundar, og 2. pris går til det andre finalelaget. I finalen møttes SAM fra Hessa skole, og Gressklipperkidza frå Skodje barneskule og vinnar av robotkampen blei: Gressklipperkidza frå Skodje barneskule.

Prosjektprisen

Denne prisen går til det laget som gjennom sitt arbeid viser at dei verkeleg fullt har forståing for årets tema. Laget har identifisert ei aktuell problemstilling og innovative løysingar er vektlagde. Sjølve presentasjonen blir også vurdert av dommarar, og kreativitet og engasjement er viktige element i tillegg til det faglege.

1.    plass: Draumeparken AS, Valle skule
2.    plass: Ørskog kidza, Ørskog skule
3.    Active Solution, Hessa skole

Teknologiprisen

Denne prisen går til laget som på fleire område har utvikla ein eineståande robot. Viktige element er innovativt design, programmering, strategi, påliteleg konstruksjon, funksjonalitet og bruk av gode verktøy for å løyse robotoppdraga.

Vinnar av teknologiprisen: Tenz, Tennfjord skule

Kjerneverdiprisen

Denne prisen går til det laget som viser korleis kjerneverdiane til FLL har spelt ei viktig rolle i arbeidet deira. Viktige stikkord er samarbeid, engasjement, respekt, inkludering og organisering.

Vinner av kjerneverdiprisen: TeamFleece, Flisnes skole

Markedsføringsprisen

Markedsføringsprisen går til det laget som har gjort eit eineståande arbeid med å markedsføre laget sitt og løysinga si. Måten dei har spreidd bodskapen sin på, har både utmerka seg og vore inspirerande.

Vinnar av markedsføringsprisen: Team Cheetah, Spjelkavik barneskole

Scandinavian Innovation Award Nomination

Scandinavian Innovation Award-nominasjonen går til det laget som har bemerka seg med ei spesiell innovativ løysing på eit problem dei sjølve har definert ut frå årets oppdrag. Prisen går til det laget som prosjektommarane nominerer vidare til eit arrangement som heiter Scandinavia Innovtion Award. Ein jury frå First Scandinavia kjem til å velje ut 10 lag frå heile Skandinavia.

Nominert frå FIRST® LEGO® League i Ålesund: Laget AM frå Hessa skule med sitt aktivitetsarmband

Imponert!

Det er Newton Møre som arrangerer  FIRST® LEGO® League i Ålesund saman med Ålesund kommune. Dagleg leiar i Newton Møre Bjørn Endre Helgesen seier nivået på deltakarane i år har vore høgt:

-  Eg er veldig imponert over kva elevane får til, både innan det innovative prosjektet og robotkonkurransen. Den eine semifinalisten, Tenz fra Tennfjord, gjorde det faktisk så bra i kvalifiseringa, at den poengsummen dei fekk er blant topp 4 i heile Skandinavia!

Han gir også ros til lærarar og elevar for å tilpasse seg situasjonen då det blei klart at FIRST® LEGO® League i Ålesund blei digitalt i år.

-    Når vi måtte  gå over til ei alternativ avvikling av FIRST® LEGO® League, er vi veldig stolte og rørte over responsen frå både lærarar og elever. Dei har snudd seg rundt, og gjort ein fantastisk innsats desse 8 vekene!

Samarbeidsprosjekt

Newton Møre er eigd og drive av Ålesund kommune, som er medarrangør for FIRST® LEGO® League i Ålesund.

I tillegg har arrangementet mange gode og trufaste samarbeidspartnarar:

  • Sparebanken Møre
  • NMK
  • NTNU
  • Stiftelsen Kjell Holm
  • The North West
  • MyOnvent
  • Tekna
Til toppen