Vinner av Heidersprisen 2023 Mariell og Thea Elise
Privat
Heidersprisen er ein pris som tildelast årleg og den skal tildelast som heider for betydningsfull, samfunnsnyttig innsats for innbyggarar i Ålesund kommune. På møtet til Ålesund formannskap tysdag 3. oktober vedtok dei vinnaren av Heidersprisen 2023.
Heidersprisen tildelast som heider for betydningsfull, samfunnsnyttig innsats for innbyggarar i Ålesund kommune. Prisen er ei påskjønning for utført arbeid, og som kan vere ei oppmuntring til å halde fram det gode arbeidet.
Utdelinga av sjølve prisen vil skje 30.11.23 på det siste kommunestyremøte i noverande kommune i 2023.
Dette var formannskapet si grunngjeving:
Mariell Gausnes Aasen og Thea Elise Vestre Aasen, som då var 17 år gamle, var initiativtakarar og grunnleggarar av Cheerleadergruppa. Initiativ, pågangsmot samt evne til å få med seg lagspelarar, både frå Ørskog Idrettslag, nye aktive medlemar og foreldre/styremedlemmer gjer at Ørskog Angels står som eit av dei mest populære fritidstilboda på Sjøholt.
Desse to jentene fekk på plass eit heilt nytt og annleis fritidstilbod, var aktive som utøvarar, trenarar, inspiratorar, materialforvaltarar, innkjøpsrådgivarar og tilretteleggarar. Dei våga å stanse på eit nytt og spennande fritidstilbod, la mykje arbeid i det og dei fekk det til. Vi meiner at det er svært imponerande med slikt frivilligheit i ung alder, og er sikker på at dei kan vere til stor inspirasjon for andre.
Gruppa har vore dyktig til å rekruttere og lære opp trenarar frå aktive medlemmer i egne rekker og slik sikra fortsett drift og kontinuitet.
Cheerleading stammar frå USA og var i utgangspunktet ein sport som ulike lag organiserte rutinar på for å heie på idrettslag ved kampar o.a. Cheerleading består av mange element: stunts, pyramidar, kast, turn, hopp og rop. Sporten er inkluderande; her treng ein både dei sterke som skal ta i mot og dei modige som blir kasta opp i lufta! Og ein må samarbeide og store på kvarandre. Og ja, den er både for gutar og jenter.
Cheerleadergruppa Ørskog Angels har vakse frå nystarta i 2010 til å hevde seg i Norgestoppen. Dei har sett Ørskog og Ålesund på kartet på en framifrå måte.
Angels Cheerteam deltok på med to lag på Norwegian Cheer League i 2022. Dette er rekna som (uoffisielt) Norgesmeisterskap for Cheerleadere . Og begge laga fekk med seg pokal heim Junior-laget fekk ein strålande 2.plass i kategorien All Girl Median. I denne konkurransen deltok 11 lag i aldersgruppe 7. – 9.klasse. Senior-laget kapra gullpokalen i kategorien All Girl Elite. I denne konkurransen deltok 7 lag i aldersgruppa 10.klasse og oppover.
Gruppa har i dag rundt 120 -130 aktive medlemmer. Med så mange medlemmar seier det seg at ikkje alle er frå Ørskog, men frå heile Ålesund kommune – og også frå omliggande kommunar.
Ørskog Angels vil gjerne opptre og vis kva dei kan – knytt til ulike arrangement og konkurransar m.m i Ørskog og omegn.
Med fokus på frivilligheit og dugnadsånd er vi stolt av å ha ungdom som over mange år stiller opp både som aktive i en «ny» og spennande idrett og som etter kvart stiller som trenarar og tilretteleggarar.