Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Vil sjå på den politiske organiseringa

Formannskapet har bedt ordføraren og gruppeleiarane om å legge fram ein plan for evaluering av den politiske styringa av Ålesund.  Klikk for stort bildeFormannskapet samla seg i bystyresalen 8. september. 

Evalueringa skal mellom anna inneholde ei vurdering av antall kommunestyrerepresentantar, og vurdere ordninga med å ha komitear utan vedtaksrett, som innstiller til kommunestyret. 

Formannskapet ber òg om at den gamle utvalsmodellen vert vurdert opp mot den nye modellen med komitear. Dei gamle utval hadde avgjerdsmynde i enkelte saker. 

Politikarane meiner at kommunestyremøta har blitt for lange, og har for mange saker til behandling. Difor ynskjer dei no å få ei vurdering av den politiske organiseringa av kommunen.

Ålesund kommune har 77 kommunestyrerepresentantar. Det er flest i landet. Vidare har ein fire komitear som førebur saker for kommunestyret. I tillegg har kommunen 11 kommunedelsutval.

Pengar til dei politiske partia


I same møte vedtok formannskapet løyvingar til dei politiske partia i Ålesund basert på stemmetal ved forrige val.  Det vart satt av 400.000 kroner til dei politiske partia. 

Kommunedirektøren har fått mynde til å dele ut støtta basert på følgande stemmetal.

  • AP: 6254 
  • H: 5975 
  • FRP: 5341 
  • SP: 3938 
  • ÅL: 2500 
  • KRF: 1808 
  • MDG: 1439
  • SV: 970
  • PP: 690
  • V: 630
  • Rødt: 552
  • PDK: 485
Til toppen