Nordøyvegen
Torill Myren / Ekkolodden
Det vart nyleg gjort fire tilsettingar i leiinga til nye Haram kommune. No er dei to siste kommunalsjefstillingane utlyst.
Kommunalsjef Skule og barnehage
Kommunalområde Skule og barnehage har ansvar for kommunen sine oppgåver som skule- og barnehageeigar og som skule- og barnehagemynde (jf. lov om barnehage og opplæringslova). Gode tverrfaglege rutinar og samarbeidsformer mellom skule og barnehage og mot kommunalområdet Livsløp står sentralt i arbeidet for å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge i kommunen.
Les heile stillingsutlysninga på eiga side.
Kommunalsjef Helse og omsorg
Kommunalområde omfattar helse og omsorgstenester i institusjon, buteneste, omsorgsbustadar, heimebaserte tenester og dagtilbod. Kommunalområdet har og ansvar for avlastning og BPA (kommunal regi).
Les heile stillingsutlysninga på eiga side.
Meir informasjon
Søknadsfrist er 18. april. Sjå heile stillingsutlysinga ved å trykke på knappane over. For meir informasjon om ledige stillingar og søknadsprosessen, sjå samlesida Jobb hos oss.