Vil du kjøpe ein omsorgsbustad?

Vi startar no sal av private omsorgsbustadar på Daaetunet, sentralt på Moa. Fristen for å melde interesse er 1. mai 2023.

Blokk og hage - Klikk for stort bileteIllustrasjon av fasade mot vest.

Har du behov for behov for ein bustad med tilrettelegging slik at du kan ta imot omsorgstenester til ulike tider i løpet av heile døgnet?  No kan du få kjøpe din eigen omsorgsbustad.

På Nedregaard i Spjelkavik, sentralt ved Moa og i nærleiken til alt ein treng i kvardagen, skal det no byggast 20 omsorgsbustadar. Det er 12 leilegheiter for eldre eller andre med nedsett fysisk funksjonsevne, og 8 leilegheiter for personar med utviklingshemming.

Sjølv om dei ser ut som heilt vanlege leilegheiter er dei utforma slik at bebuarane kan ta imot ulike tenester heime på ein god måte.

Her kan du sjå korleis Daaetunet burettslag blir og melde om interesse.

Bustadane skal etter planen vere ferdigstilt innan utløpet av 2024. 

Derfor bygger vi omsorgsbustadar

Bygging av omsorgsbustader er eit ledd i strategi for heilskapleg innsatstrapp, og kommunen ynskjer å framskaffe fleire bustader der bebuarane kan meistre kvardagen og leve sjølvstendig i eigen heim.

Bustadene har fått investeringstilskot frå Husbanken til oppføring, noko som gjer at salsprisen blir lågare enn det kommunen kjøper dei for.

Kommunen skal sikre at dei blir kjøpt av personar med behov for slik omsorgsbustad. Du må difor søke om å bli godkjent som kjøpar.  

Les meir om private omsorgsbustader.