Vil du bli lærling hos oss?

Vi ønsker å tilby lærlingplass til deg som vil ta fagbrev som helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar eller aktivtør. 

Helsesituasjon - Klikk for stort bilete Helseplattformen, Ingunn Grøntvedt

Ålesund kommune er er ein stor arbeidsgivar med over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. 

Vi ønskjer å gi deg ei innhaldsrik og spennande læretid hos oss!

Læreplassar

Ålesund kommune skal i år ta inn lærlingar innan desse faga:

  • Helsearbeidarfaget
    Som helsefagarbeidar vil du få høvet til å nytte det du har lært i praksis. Du vil utføre pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta, og dessutan spesialisthelsetenesta. Dette gir deg ein variert og meiningsfull kvardag.
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
    Som barne- og ungdomsarbeidar vil du kunne bruke dei pedagogiske ferdigheitene dine til å leggje til rette og gjennomføre aktivitetar for barn og unge i alderen 0–18 år. Dette er eit unikt høve til å påverke og forme framtida til dei yngste i samfunnet.
  • Aktivitørfaget
    Som aktivitør vil du få sjansen til å planleggje og gjennomføre aktivitetar for ulike brukargrupper. Dette yrket gir deg ein kreativ og variert kvardag der du kan bidra til å auke livskvaliteten for mange.

Kva kan vi tilby?

Ein lærling tek siste del av ei vidaregåande utdanning i arbeidslivet. Du blir tilsett i kommunen, og har same rettar og pliktar som andre arbeidstakarar.

Du får lønn under læretida. Som lærling har du krav på opplæring, rettleiing og vurdering undervegs i læretida.

Etter enda opplæring på arbeidsplassen går du opp til ein fag- og svenneprøve.

Les meir om lærlingordninga og det å vere lærebedrift på nettsida til Sunnmøre opplæringskontor

Søk læreplass

Alle ledige læreplassar med Ålesund kommune som arbeidsgivar blir  formidla på ein felles portal som blir styrt av Sunnmøre kommunale opplæringskontor.

Søknadsfrist: 1. mars

Søk om å bli lærling her