Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Vi anbefaler samtidig til bruk av munnbind klarer du ikkje halde meteren og maks 10 i eigen heim. Vi har samla alt du treng å vite om koronasituasjonen i kommunen vår. På samlesida finn du oppdaterte smittetal, korleis du bestiller koronatest og påmelding til vaksinering.

Alt om korona | Information about corona in other languages

Siste nytt

Vil de vere med på å lage sommarskole i Ålesund?

Vi har mottatt midlar frå Utdanningsdirektoratet for å kunne tilby gratis sommarskole for elevar på 4.-10. trinn sommaren 2021. No treng vi deg som vil lage faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i sommarferien 2021!Glade barn på et berg - Klikk for stort bilete 

Tilskotet vi har fått skal bidra til at kommunane kan opprette nye sommarskoletilbod, eller utvide eksisterande tilbod, slik at elevar i grunnskolen får ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar.

Fleire kommunale aktørar er allereie involverte med ulike tilbod, men det er behov og rom for tilbod frå fleire frivillige lag og foreiningar i alle kommunedelar. Dess større variasjon vi kan ha i tilbodet, dess fleire ulike elevar klarer vi å møte!

Vil du bidra?

Tilskotet du kan søke om er meint å skulle kompensere for utgifter:

  • innkjøp av utstyr
  • leige av lokale
  • mat
  • reinhald
  • transport
  • lønn med meir
  • tilbodet skal vere gratis for elevar.

Kursa skjer i uke 25, 26, 31 og 32. Kursa kan leggast til eigne lokale/fasilitetar, eller ein kan gjere avtale med kommunen om lån av skolebygg eller liknande fasilitetar. 

Det blir oppfordra til å bruke studentar eller elevar ved vidaregåande skolar som assistentar eller instruktørar, for på denne måten å tilby ungdom sommarjobb. Alle som skal jobbe med barn i sommarskolen, må ha gyldige politiattestar.

Det blir spesielt oppfordra til å planlegge kursa på ein slik måte at minoritetspråklege elevar, elevar med funksjonsnedsetjingar og elevar med andre særskilde behov skal kunna delta.

Korleis søke?

Dersom organisasjonen dykkar kan tenke seg å lage eit tilbod i sommarskolen, kan de sende inn søknad. Søknadsfrist er 9. mai. Søkjar vil få svar på søknaden innan 12. mai.

Søk om a arrangere sommarskole

Har du spørsmål?

Vi skjønar at spørsmåla er mange og inviterer derfor inn til eit ope dialogmøte med frivillige lag og foreiningar, kommersielle aktørar og andre interessentar. Møtet vil vere tysdag 4. mai klokka 16.00, der vil ein kunne stille spørsmål rundt kriterium eller andre ting ein lurer på.

Til toppen