Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Siste nytt

Viktige vedtak på rekordlangt møte

Aldri før har politikarane i Ålesund vore samla i så mange timar som torsdag. Allereie 08:30 starta arbeidsdagen for kommunestyremedlemmane, og først klokka 21.30 kunne dei ta fatt på heimvegen.Klikk for stort bilde  

Kommunestyret vedtok omfattande omstillingar i både skuleområdet og i helse og omsorg. Begge områda må redusere kostnadane. 

Innafor skule- og barnehageområdet ber kommunestyret om at tilbodet for svake elevar i størst mogleg grad blir skjerma, og at lærarnorma skal opprettholdast. 

For helse og omsorg vedtok politikarane kommunedirektøren sine forslag til strukturelle tiltak.
 

Men dei kom med ei presisering I vedtaket: 

Det vil vere naudsynt med ein plan for nedtrappinga av tenestenivået. Denne planen må sikre at ansette, pårørande og tillitsvalgte får vere med i prosessen og sikre god medverknad. Dette er i samsvar med korleis en ønsker den nye kommunen skal arbeide. Kommunestyret ønsker å få ein plan for omstilling tilbake til komiteen for å sikre at politikarane er godt informerte i denne prosessen med slike store endringar. 

  • Kommunestyret ønsker svar på ei rekkje spørsmål slik at konsekvensane for brukarane blir minst mogleg.
  • Korleis ein skal finne midler til å styrke heimetenestene og i kva grad ein vil styrke heimetenesta.
  • Korleis ser ein for seg at miljøterapi, kvardagsrehabilitering og rehabilitering skal sikrast når folk skal bu heime lengre.
  • Korleis ein skal sikre gode nok avlastningstenester både i og utanfor heimen for personar med demens og deira sine pårørande, om dei skal bu lengre heime. Pårørande må vite at dei kan få god hjelp og støtte, og nok støtte i kvardagen til å stå i pårørandesituasjonen over tid.
  • Korleis ein skal finne midler for å styrke dagtilbod for heimebuande som vil trenge dette, i heile den nye kommunen.
  • Kompetansehevingsplan for tilsette både i sjukeheim og i heimetenestene for å sikre eit godt tilbod både i heim og på sjukeheim for personar med demens.
  • Ein plan for rekruttering av frivillige og sikre god oppfølging av desse inn i helsetenestene våre er nødvendig. Komite for helse og omsorg ønskjer eit prosjekt der samarbeid med frivillige blir endå meir utvikla og utprøvd både i dagtilbod og i institusjonane.
  • Både tilsette, frivillige og pårørande må få god opplæring i tema innafor demensomsorg.

Stor valfridom for familiar

Dei nye vedtektene for SFO opnar for større valfridom for foreldra.  Kommunestyret har vedteke at foreldre no kan ha barna sine på SFO tre, fire eller fem dagar i veka. Dei kan og velje om dei berre ynskjer SFO før skulestart eller berre etter skuleslutt. Kvar enkelt skule kan òg tilpasse opningstida ved SFO. Det er vedteke søskenmoderasjon på 30 prosent for to born, og 50 prosent for born nummer tre eller fleire.

Partistøtte

Kommunestyret har og vedtatt at dei politiske partia skal få ein stønad på tilsaman 400.000 kroner. Pengane vert fordelt etter storleiken på partia ved siste kommuneval. Eit forslag frå MDG om å kutte partistøtta til 230.000 kroner vart nedstemt. Det vart også eit forslag frå Raudt om å kutte heile støtta. 

Endeleg grønt lys for Osane

Kommunestyret har no endeleg vedteke rammeprogrammet for ny idrettshall i Osane i Skarbøvik.  I vedtaket vert det lagt opp til at bygginga skal prioriterast i økonomiplana for 2021-2024. Men  i vedtaket verkt det lagt opp til at ein skal prioritere byggestart tidleg i planperioden. 

Badeanlegg Brattvåg

Kommunestyret har òg vedteke byggeprogrammet for nytt badeanlegg i Brattvåg. Byggeprogrammet legg til grunn at ein går vidare med eit nytt badeanlegg med ei budsjettramme på 203 millionar kroner.  Sjølve budsjettsaka, og tidspunktet for når ein skal starte bygging, vert gjort seinare.

Nye skulebygg fleire stader

Ålesund kommunale eigedom fekk grønt lys frå kommunestyret til å starte mmed program og konseptutvikling for ny barneskule på Hessa. Prisen er berekna til om lag 233 millionar kroner.  Ein legg opp til å bygge ein ny skule med plass til over 500 elevar på sju årstrinn, med tre klassar for kvart årstrinn.

Samstundes vedtok også kommunestyret byggeprogrammet for Eidet barne- og ungdomsskule. 
Prosjektet har ei budsjettramme på 292 millioner kroner. Den nye skolen skal ta imot elever fra Tennfjord skule, Vatne barneskule og Vatne ungdomsskule.

Avlastningsbustad

Kommunestyret har òg godkjent bygging av ny avlastingsbustad for mborn med spesielle behov på Brislingstubben på Flisneset. Prosjektet har ei budsjettramme på 85 millioner kroner.

Samstundes vert det lagt opp til å total rehabelitering av Wasmuthgården i Ålesund sentrum Her ynskjer kommunen å etablere bustader med heildøgnsbemanning.
 

Til toppen