Siste nytt

Viktig informasjon om vaksinering i Ålesund

Det er berre folk som har fylt 70 år som kan melde seg til vaksinering no. I veke 15 er det no lagt ut 1 020 timar som personar som har fylt 70 år kan melde seg til. Vaksineringa vil skje tysdag, torsdag og fredag neste veke.Opptrekk av vaksine ved Scandic Parken - Klikk for stort bileteOpptrekk av vaksine ved Scandic Parken 

For veke 14 er no alle timane opptatte. Det skal vaksinerast ved legekontora og Scandic Parken hotell frå onsdag til fredag. Totalt skal det settast 1 758 vaksinar denne veka i Ålesund kommune. Dette er både til første og nokre til andre dose.

Lenke til bestilling av vaksine

Av dei 1 020 dosane som skal setjast i veke 15, vil eit visst tal bli  brukt til vaksinering ved kommunen sin vaksinestasjon på Skodje på onsdag. Meir informasjon om stad og tal på vaksinar kjem seinare. 

Timane for vaksinering på Skodje i veke 15, vert lagt ut for påmelding klokka 09.00 onsdag 7. april. 

Det blir òg sett opp timar for vaksinering av personar i risikogruppe 4. Det er fastlegane som set opp liste over prioriterte pasientar i risikogruppene. 

Når du bestiller vaksinering, får du òg tilbod om time til dose to. Hugs å sette deg opp på same vekedag som du fekk dose ein. Det vil seie at fekk du time til første dose på ein tysdag, så skal du sette deg på time på tysdagen også ved  dose nummer to.

Øyane og Ørskog

Ved Nordøyane (Haramsøy legesenter), Sandøy og Ørskog vil vaksineringa av dei over 70 år skje ved legekontora. Her blir alle kalla inn av legen til vaksinering.

Kommunen vil sterkt oppmode at berre dei som er over 70 år, og som sjølv ikkje klarer å melde seg til vaksinering digitalt, ringer kommunen sin vaksinetelefon.

Om du ringer nummeret for å få svar på andre spørsmål om vaksinering, så tek du opp tida til dei som skal bestille time.

Telefontenesta er open tysdagar, onsdagar, torsdagar frå klokka  10.00-14.00.

Telefonnummeret er: 90 47 69 65

Informasjonsside frå Ålesund kommune om vaksinering

Risikogrupper

Personer med følgende sykdommer/tilstander er definert som medisinske risikogrupper:Organtransplantasjon*  

  • Immunsvikt*  
  • Hematologisk kreftsykdom siste fem år*  
  • Annen aktiv kreftsykdom, pågående eller nylig avsluttet behandling mot kreft (spesielt immundempende behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)* 
  • Nevrologiske sykdommer eller muskelsykdommer som medfører nedsatt hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS, cerebral parese og Downs syndrom)*  
  • Kronisk nyresykdom eller betydelig nedsatt nyrefunksjon*  
  • Kronisk leversykdom eller betydelig nedsatt leverfunksjon  
  • Immundempende behandling som ved autoimmune sykdommer  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesykdom, inkludert alvorlig astma som har medført bruk av høydose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høyere 
  • Demens  
  • Kroniske hjerte- og karsykdommer (med unntak av høyt blodtrykk)  
  • Hjerneslag  
  • Annen svært alvorlig sykdom kan også gi økt risiko for alvorlig forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfeller vurderes individuelt av lege.

*Disse sykdommer/tilstander kan gi en høy risiko for alvorlig forløp og død også hos yngre. 

Til toppen