Vi søker gode råd

Vi treng medlemmer til våre rådgivande utval, både for Ålesund og Haram. Har du forslag til kandidater?  Utvida frist for å kome med forslag på kandidatar er innan 5. november 2023. 

Ilustrasjon med fem personar i ulik alder. Ein sit i rullestol - Klikk for stort bilete

Ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er lovpålagte utval som skal gi råd til kommunestyret. No søker vi etter kandidater til desse råda for dei nye kommunane Ålesund og Haram. 

Vi treng  medlemmer som er representative for målgruppa dei skal ivareta, og søker personer som er:   

  • engasjert og motivert for oppgåva 
  • orientert om kva vervet inneber  
     

Kven som får bli medlem i råda blir bestemt av kommunestyra i Ålesund og Haram, som begge har møte 7. desember. 

Kva gjer man i eit kommunalt råd? 

Råda skal mellom anna uttale seg om kommunale plansaker og påpeike forhold innanfor arbeidsområdet sitt som bør endrast eller følgjast opp. Hovudintensjonen er å sikre medverknad og bidra til auka deltaking for målgruppene. Medverknad skal i hovudsak skje gjennom rådgiving og utsegner.

Kommunale råd har 6 - 7 møter i året og blir honorerte med ei møtegodtgjersle. Dei som blir valde til rådet har møteplikt.

Desse råda treng vi kandidatar til: 

  • Ungdomsrådet skal få alle saker som gjeld levekår for ungdom, til behandling.  Ungdomsrådet sine medlemmar skal vere i alderen 14-19 år, og dei vert valde inn for 2 år.
  • Eldrerådet skal få alle saker som gjeld levekår for eldre, til behandling.  
  • Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal få alle saker som gjeld levekår for personar med funksjonsnedsetting, til behandling.  

Vil du foreslå kandidatar?

Frist for å foreslå kandidatar er innan 5. november 2023.   

Foreslå kandidatar til råd i Ålesund 

Foreslå kandidatar til råd i Haram