Vi markerer Frivilligheitas år

Vi markerer Frivilligheitas år

Heile Noreg skal markere at 2022 er Frivilligheitas år. I Ålesund kommune blir det ei rekke små og store markeringar så det er berre å glede seg. Barn som løper på berga - Klikk for stort bileteBilete frå "Ferie for alle". Røde Kors  

Innbyggartorga / Frivilligsentralane i kommunen vil ved hjelp av alesund.friskus.com markere året med blant anna å heidre frivillige lag og organisasjonar i kommunen vår.

Vi vil presentere eit frivillig lag eller organisasjon i kvar månad i heile 2022. Desse er sjølvsagt brukarar av Friskus. Vi startar no i februar og avsluttar januar 2023. 

Presentasjonane vil gå føre seg slik

Kvart innbyggartorg vel seg ut 2 til 3 organisasjonar frå sitt lokalmiljø. Dei vil bli presentert her på heimesida, facebooksida til kommunen, facebooksidene til innbyggartorga og på frivilligsentralane sine sider. På denne måten vil vi også kunne fremme aktivitetskalenderen til kommunen som ligg i Friskus.

Sjå meir aktivitet på alesund.friskus.com.

Til toppen