Siste nytt

- Vi må ta denne oppmodinga frå regjeringa på ramme alvor! 

Illustrasjon folk på buss med maske - Klikk for stort bileteIllustrasjon folk på buss med maske Kriseleiinga i Ålesund kommune følgjer regjeringa sine anbefalingar, og legg seg på ei streng linje. Dei rår no innbyggarane til å bruke munnbind på kollektivreiser, kjøpesentra og butikkar, samt oppmodar samstundes til heimekontor. Kommunen oppmodar til minimal fritidsaktivitet på både svømmehaller og andre aktivitetar. 

-Vi må ta den siste oppmodinga frå regjeringa på ramme alvor - og eg ber alle våre innbyggarar om å følgje alle nasjonale råd og retningslinjer. No må kvar enkelt av oss vise ansvar og ha lite sosial kontakt i tida som kjem, seier ordførar Eva Vinje Aurdal. 

Rår innbyggarane til å bruke munnbind! 

Ålesund kommune ynsker å oppmode sterkt om at innbyggarane bruker munnbind på kollektivreiser og i butikkar/kjøpesenter. 

- Vi kjem ikkje med eit påbod slik smittetrykket er for vår region, men vi kjem med ei sterk oppmoding om at alle innbyggarane bør bruke munnbind når dei reiser kollektivt og når dei er på butikkar og kjøpesenter. Vi oppmodar òg om bruk av munnbind når dei elles ikkje klarer å halde minst ein meter avstand til andre, seier kommuneoverlege Olav Mestad. 

Kommunen kjem med ei oppmoding til dei som har planlagt arrangement i perioden frå 4. januar til 18. januar om å avlyse desse. 

Minimal fritidsaktivitet i tida framover – og flere tiltak! 

Kommunen oppmodar om minimal fritidsaktivitet på både svømmehaller og andre fritidsaktivitetar. Brattvåg svømmeklubb har stengt aktiviteten sin i denne perioden og det betyr også at svømmehallen er stengt.  

Dette er óg bestemt for Ålesund kommune som følge av dei nasjonale reglane: 

  • Kommunen kjem med ei sterk oppmoding om bruk av munnbind på kollektivreiser og på butikkar/kjøpesentra. Elles òg når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand. 
  • Alle politiske møter blir digitale i perioda frå 4. januar til 18. januar. 
  • Alle ungdomsskolane har raudt nivå og auka smitteverntiltak. Det blir aktuelt med vekselvis digital og ordinær undervisning. Meir informasjon blir gitt frå den enkelte skole. 
  • Kulturskolen har avlyst alle gruppetilbod dei neste to vekene. Individuelle tilbod fortsett som før. 
  • Organiserte fritidsaktivitetar i idrettshallar, gymsalar, ungdomsklubbar og lignande på ettermiddag/ kveldstid og helger, er avlyst. 
  • Gymsalane på skolane er kun opne for kroppsøving med inndeling i kohortar/grupper. 
  • Personar som kjem til Noreg skal før innreise registrera opplysningar som er nødvendige for å sikra karanteneplikta, for å styrka smittevernarbeidet og bidra til betre smitteoppsporing. Hos regjeringa har dei eit digitalt innreiseskjema som alle må fylle ut. 

Heimekontor i kommunen framover! 

Ålesund kommune har gått ut med informasjon internt om at alle tilsette som kan ha heimekontor bør ha det i dei komande vekene fram mot 18. januar. Innbyggartorga er fortsatt opne for å kunne tilby hjelp og rettleiing til dei innbyggarar som treng det. 

Startar vaksinering denne veka


Denne veka startar Ålesund kommune med vaksinering på sjukeheimar og omsorgssenter: 

-Vi går ei spanande tid i møte, og det er gledelig at dei første innbyggarane i kommunen får vaksine denne veka, seier kommuneoverlege Olav Mestad. 

Du kan lese meir om vaksinering på våre heimesider. 

Tips og råd: 

Hugs du kan bestille koronatest digitalt! 
Last også ned appen Smittestopp. 
 

Til toppen