Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Vi anbefaler samtidig til bruk av munnbind klarer du ikkje halde meteren og maks 10 i eigen heim. Vi har samla alt du treng å vite om koronasituasjonen i kommunen vår. På samlesida finn du oppdaterte smittetal, korleis du bestiller koronatest og påmelding til vaksinering.

Alt om korona | Information about corona in other languages

Siste nytt

- Vi må saman ta eit ansvar!

Foto av Ålesund by tatt frå Fjellstua på Aksla.  - Klikk for stort bileteÅlesund sett frå Fjellstua Øyvind Heggstad  No nærmar det seg ei helg der Ålesund kommune følger nasjonale regler. Kommunen og politiet ønsker å kome med ein felles bodskap om at vi saman må ta eit ansvar for å følge smittevernreglane rundt korona.  Ser du noko som ikkje er heilt bra, kan du gje oss beskjed.

I dei nasjonale reglane står det blant anna dette kring serveringsstadar:

 

  • Skjenking av alkohol: Servering av alkohol skal kun skje ved bordservering, og må avsluttast klokka 24.00. Gjestane har da 30 min til å drikke opp.
  • Krav om avstand og forsvarleg drift: Serveringsstadar skal sørge for at det er minst 1 meter mellom sitteplassane og skal sikre forsvarleg drift.
  • Privat selskap på restaurant: Serveringsstadar kan ikkje ha servering for eit privat selskap med fleire enn 20 personar. 
  • Krav om registrering av kontaktopplysninger: Serveringsstadar skal registrere kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det. 
     

Portrett - Klikk for stort bileteVebjørn Krogsæter  - Vi ønsker å oppmode innbyggarane om å vere sitt eige ansvar bevisst. Alle som ferdast ute i samfunnet har eit felles ansvar for at smittevernreglane blir følgt, både av kvarandre som medmenneske og på dei stadane ein ferdast. Det gjeld alt frå besøk heime, i butikken, på badeland og på kafear og restaurantar, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter.
 

Korleis kan du kontakte oss?


Ta kontakt med kommunen i opningstida mellom kl. 08.30-15.30 på telefon 70 16 20 00, eller send ein e-post til postmottak@alesund.kommune.no. Utanom kommunen si opningstid kan politiet kontaktas ved meir alvorlege brot på koronaforskrifta.

Sjå alle reglar som gjeld for serveringsstader: Råd til arrangementer og sosiale sammenkomster - helsenorge.no

Til toppen