Verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse er ein nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse, som blir markert over heile landet i veke 39-42 kvart år. 

Verdsdagen for psykisk helse - Klikk for stort bilete Verdsdagen for psykisk helse

I Noreg er Verdsdagen ein nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse, og blir markert av kommunar, skular, arbeidsplassar, organisasjonar og enkeltpersonar frå heile landet.

 

Møtestadar og sosial støtte kan redde liv, og det vert derfor arrangert fleire markeringar i Ålesund. Her er ei liste over alle arrangementa. 

Ålesund bibliotek 3.oktober kl.18.00 –19.00 :

Gaming til bekymring og begeistring! 

Ein temakveld om ungdom og gaming, med nyttig kunnskap og råd til foreldre.

Arrangør: Ålesund bibliotek, Barnevakten og Blå Kors

Color Line Stadion 5. oktober kl.10.00 – 16.00:

Ein plass å vere.

Stands, informasjon, fotballturnering

Arrangør: Aafk Samfunn og Skansen aktivitet (Ålesund kommune)

Kremmergården 9. oktober, kl. 10.00 – 15.00:

Stand, gratis fiskekaker og kaffe

Arrangør: Kirkens Bymisjon Møre, Mental Helse Ålesund, LPP Ålesund og omegn

Kommunestyresalen Rådhuset 10.oktober kl. 18.00 – 20.00

”Kvifor sitte inne når alt håp er ute”.

Foredrag med Henning Aarekol. Sosial møteplass frå kl 17.30 med kaffe/te og kaker, musikalske innslag.

Arrangør: Frelsesarmeen, Kirkens Bymisjon Møre, Mental Helse, LPP og Ålesund kommune.

Fontenehuset Ålesund 10.oktober kl. 14.00 – 18.00

Open dag; stikk innom for å besøke en Psykt bra arbeidsplass!

Adr: Lihauggata 8

Sommerfuglen aktivitet Skodje 11.oktober. Kveldstid

Open sosial møteplass. Informasjon og servering. Bli kjent med tilbodet ved Sommerfuglen aktivitet.

Ålesund bibliotek 17. oktober kl. 18.00 – 19.00

«Sjølvmordsforsøket». 

Oddvar Vignes presenterar boka si

Arrangør: Ålesund bibliotek og Mental Helse Ålesund.

Ålesund bibliotek 24. oktober kl. 18.00 – 19.00

Helsesista – Våg å være voksen. 

Eit foredrag retta mot foreldre med ungdomar i hus.

Frelsesarmeens Stedet Ålesund 27. oktober kl. 17.00 – 20.00

Tacokveld. 

Her vert det mat og aktivitetar. Gratis og rusfrittarrangement.

Adr: Keiser Wilhelms gate 54