Koronavirus

Siste nytt

Ver med på berekraftswebinar!

Regjeringa har utfordra fleire organisasjonar til å halde til saman åtte webinar om berekraft 12. - 24. november. 19. skal The North West ha webinar om arbeidet i Møre og Romsdal. I tillegg har KS og NHO eit nettmøte om nasjonalt partnarskap i berekraftsarbeidet 18. novemberKlikk for stort bilde 

Regjeringa arbeider med ein nasjonal handlingsplan for berekraft og har invitert heile landet til å kome med innspel.

Planen skal vere ferdig våren 2021 og målet med planen er å konkretisere arbeidet med FNs berekraftsmål og tilpasse dei til norske forhald og norske utfordringar.

Regjeringa har ei samleside om arbeidet som skjer rundt i Noreg, der blant anna United Future Lab Norway i Ålesund er nemnt.

Framtidslaben og andre har også kome med innspel til handlingsplanen.

Landet rundt på nettmøte

Som ein del av det å få med heile landet i arbeidet, har regjeringa utfordra åtte organisasjonar til å halde nettmøte om bekrekraftsmåla og forskjellige inngangar til dei.

Til toppen