Vellukka prosjekt som har redusert matsvinn!

Det har vorte gjennomført eit prosjekt i Ålesund kommune over ei periode på to år, og skal avsluttast no i desember. Dette viser at matsvinn har vorte redusert med heile 37 prosent i snitt ved dei fem avdelingane som har tatt del i prosjektet. 

brød med pålegg - Klikk for stort biletePurebrød smurt, til dei med tyggje- og svelgevanskar

Det er fire omsorgssenter (Hatlane, Aspøya, Spjelkavik og Blindheim) i tillegg til Blindheim bukollektiv som har tatt del i prosjektet. Totalt er det blitt unngått å kaste 11 tonn med mat på eitt år, noko som utgjer heile 750 000 kroner i dagens råvarepris. I denne berekninga har det ikkje blitt rekna med det som har blitt spart i innkjøp. Dette prosjektet er ikkje satt i gang som eit spareprosjekt, men for å kutte matsvinn, jobbe med miljøtiltak og ikkje minst å gje bebuarane ei mykje betre matoppleving.

Prosjektet har hatt nært samarbeid med prosjektøkonom Hege Bjotveit heile vegen for å sikre god økonomistyring i prosjektet. Prosjektregnskapet har vore rigga frå start, og det har vore hatt jevnelege møter mellom prosjektøkonom og prosjektleiar, Malin Lund Kleiva. Dette for å kontrollere kor mykje av prosjektrammene som har gått med. Her har dei også laga prognosane som prosjektleiar har styrt uti frå.

-Eg ønsker å gje mykje ros til prosjektleiar som har tatt svært mykje ansvar for å sikre ei god økonomistyring i prosjektet. Saman har vi lært mykje. Prosjektet har vore med på å sette ein standard for korleis vi bør samarbeide saman for å sikre god styring.  Verksamdleiar har også vore engasjert heile vegen og har heia på oss, seier Hege Bjotveit.

Kva tiltak har blitt gjort? 

Før dette tiltaket blei satt i gang hadde Hatlane omsorgssenter over to brød dagleg i matsvinn, som for det meste bestod av brødskorper og brødskalkar. Mykje av grunnen for dette er at mange av dei eldre har problem og ikkje klarer å tygge skorpene fordi dei er harde og seige. På eit år klarte dei å halvere dette ved å varmebehandle, tørke og knuse brødrestane, kan dei no gjenbruka desse i ulike matrettar som brødrasp. Dette kan vere som topping på gratengar, i gjærbakst og dessertar.  

Elles er middag det største måltidet som gjev mest svinn, grunna vekta. Middagen vert laga ved sentralkjøkkenet, og blir levert i bulkar. All spesialkost eller bestillingar med individuelle tilpassingar vert levert i porsjonspakningar. For at maten skal sjå appetitteleg ut, har sentralkjøkkenet tatt bilde som viser korleis maten skal leggast opp. Desse bilda er også tilgjengeleg på kommunen si nettside, i tilknyting til middagsmenyen sentralkjøkkenet produsera etter. For å auke appetitten for bebuarane har dei fått satt opp ein infoskjerm ved Spjelkavik omsorgssenter som viser både dagsmeny og vekes meny. Då får både bebuarane sjå visuelt kva som blir servert til middag. Vi veit alle at ein får meir matlyst av å sjå bilde av maten enn å berre lese kva som er til mat.

Med å vere bevist, fokusere på rett oppvarming og servering, og ikkje minst ha ein god dialog med den som bestiller maten, har dei fått ned matsvinnet. Over to periodar har dei tilsette notert ned matsvinn per måltid i eit skjema, slik at dei har fått ei oversikt over matsvinnet og dermed satt i gang tiltak.

Størst auke i redusert matsvinn 

Hatlane omsorgssenter har hatt størst nedgang av matsvinn med 54 prosent, medan Spjelkavik omsorgssenter og Blindheim bukollektiv har hatt ein nedgang på 44 prosent, Blindheim omsorgssenter 24 prosent og Aspøya omsorgssenter 19 prosent.  

Hos Hatlane omsorgssenter har dei eigen kokk med meir tilrettelagt kjøkken, noko som gjev dei meir handlingsrom, enn ved dei andre verksemdene. Både ved Blindheim bukollektiv og omsorgssentera i Spjelkavik og Blindheim har dei eige tilsette ved kjøkkenet, mens ved Aspøya er det sekretæren som har ansvar for matbestillingane. Her må pleiarane lage lunsj sjølv.  

Desse tala viser at det så absolutt kan lønne seg å ha ein eigen kokk/kjøkkenansvarleg ved avdelingane.  

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete