Vatn i fokus

Vatn i fokus

Vatn er den viktigaste ressursen på jordkloden. Når drikkevatnet vert forureina får det enorme konsekvensar. Onsdag var filmen om vasskandalen i Flint USA vist på Løvenvold kino som opptakt til Verdens vanndag den 22. mars. 

Kvaliteten på vatn er den beste, men 32 prosent av vatnet i Ålesund går til spille etter at det har blitt reinsa. Også i Ålesund må vi heile tida arbeide for å sikre at vatnet ikkje vert påverka av forureining.

Christina Hellevik , filmskaper Anthony Baxter, Liv Kjersti Finholt, Bjørn Skulstad og professor Razak SeiduForskingsnettverket KompetanseHub hadde invitert den kjende dokumentarfilmskaparen Anthony Baxter (37) til å vise den siste dokumentarfilmen han har jobba med. Filmen «Flint» handlar om ei stor folkehelsekrise i 2014 Flint i USA på grunn av dårleg vatn.

Bjørn Skulstad i Ålesund kommune og professor i vann- og miljøteknikk på NTNU, Razak Seidu, var invitert til å fortelje om korleis Ålesund organiserer si vassforsyning, og korleis kommunen stadig arbeider med å forbetre infrastrukturen for vassforsyninga.

KompetanseHub er eit samarbeid mellom Høgskulane i Volda og Molde, NTNU og forskingsinstitusjon Nibio og Norsøk.

Baxter er frå Skottland og står bak ei rekke dokumentarfilmar som har fått gode tilbakemeldingar. Baxter er òg kjent for filmane «You've Been Trumped» (2011) og «A Dangerous Game» (2014). Framsyninga av dokumentarfilmen er i samanheng med Verdens vanndag som er 22. mars.  NTNU i Ålesund, og Ålesund kommune si VAR-avdeling jobbar saman om å spreia informasjon om kor viktig vatn er for heile verda.

Sette fokus på reint drikkevatn

Anthony Baxter har arbeidd i fleire år med historia om kva som skjedde i den amerikanske byen Flint. 

Då myndigheitene i Flint bestemte seg får å bytte ut kjelda til drikkevatnet frå dei store sjøane til den lokale elva for å spare pengar, vart det møtt med sjokk.  Vatnet i elva var forureina og førte til skader både på vassrøra og menneska. Både barn og vaksne blei sjuke og innbyggarane kunne ikkje dusje utan å vere redd for eiga helse. Mangel på tillit skapte redsel og usikkerheit.

Baxter fortel korleis folk vart påverka av krisa, og kva som skjedde i tida etter. Filmen tar for seg liva og kvardagen til folka i Flint, og korleis eit samfunn heilt mista tilliten til regjeringa. Han fortel om korleis samfunnet måtte kjempe for å bli høyrt.

Til toppen