Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Siste nytt

Vassleidning frå 1904 blir skifta ut

Leidningsanlegget i Aspegata i Ålesund sentrum blir renovert! Den eldste leidninga er av jern og frå 1904.

Klikk for stort bildeDei er klare for å renovere Aspegata med nye leidningar, betre utsjånad og avfallshandtering Line Helgesen, Sunnmørsposten  

Leidningsanlegget startar nede ved sjøen med røyr som fører overvatnet til sjøs. Frå der skal det gravast gjennom Nedre Strandgata og vidare oppover Aspegata heilt til endes.

Arbeidet

Arbeidet startar no! Vassleidninga frå 1904 skal skiftast ut og det blir lagt ny spillvassleidning og overvassleidning slik at det blir skilje mellom regnvatn til sjøen og kloakk som skal til reinseanlegg.  Det som er spesielt med arbeidet i Aspegata er at det er tatt boreprøver i gata for å påvise forureining i grunnen. Det er laga ein tiltaksplan for handtering av denne forureininga – som ofte er restar frå bybrannen.
Med i arbeidet er også fjernvarme- og fiberetatar for å få samordna arbeidet på delar av strekket. Kommunens verksemd som driv med veg, grønt og anlegg og ÅRIM er med for å finne best moglege løysningar for området som heilskap og for levering av avfallskontainere.

Naboane er varsla om arbeidet og det vil bli lagt opp til midlertidig vassforsyning, slik at alle skal ha vatn under anleggsarbeidet.

Trafikken

Arbeidet vil føre til graving gjennom  Nedre Strandgate og Kirkegata. I ein periode på 1 – 2 veker vil det bli trafikkomlegging til Steinvågvegen og Kirkegata når det blir gravd i Nedre Strandgate, og til Nedre Strandgate når det blir gravd i Kirkegata. Då blir også busttrafikken lagt om.  Omkjøringa vil bli god skilta.


Resultatet

Aspegata har ein allé med verna trær som blir tatt vare på. Det er engasjert ein arborist som har laga verneplanen

Gata blir så fin med nye leidningar for vatn og avløp, fjernvarne, fiber og eit ryddig område ved skolen og blokka, med nedgravde avfallsbrønnar og grøntrabattar.

ACO anlegg AS er entreprenør i prosjektet og anleggstida vil vare fram til sommaren 2021.

Ålesund kommune ber om tolmod frå naboar og trafikantar medan dette nødvendige arbeidet blir utført og beklagar eventuelle ulempe arbeidet vil medføre.

Klikk for stort bildeIllustrasjon av deler av Aspegata 

Vi gler oss til arbeidet er ferdig!

Klikk for stort bilde  

Til toppen