Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Siste nytt

Varslingstest fredag 15. mai

Åknes Tafjord Beredskap, foto fra Åkneset.  - Klikk for stort bildeÅknes Tafjord Beredskap Åknes Tafjord Beredskap Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. ÅTB skal no teste systema fredag 15.mai mellom kl. 12.00-14.00. Dette er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane.

Fredag 15. mai 2020 mellom kl. 12.00 – 14:00, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingssystema.

  • Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon. 
  • I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjelde sireneanlegg i Stranda og Fjord kommune, samt delar av Sykkylven kommune.  
  • Vi oppfordrar til å informere barna om denne testen på førehand. 

Det vil være mogelegheit for å gi oss tilbakemelding om testen gjennom denne spørjeundersøkinga.  
 

God beredskap er viktig

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette.

ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt ras blir utløyst. Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no  / 48503988. 

Meir informasjon finn du og på Åknes/Tafjord Beredskap si heimeeside.

Til toppen