Siste nytt

VARD melde om seks tilfelle av koronavirus blant gjestearbeiderar

Illustrasjon av korona - Klikk for stort bileteIllustrasjon av koronaVARD melde onsdag 6. januar kl. 18.00 om at i alt seks arbeiderar i innreisekarantene har testa positivt på Covid-19. To av desse var i karantene i Brattvåg. 

Dei tilreisande arbeidarane har vore i karantene ved VARD sine brakkeriggar. Alle tilreisande arbeidarar blir testa rutinemessig ved ankomst til VARD, i tillegg til myndigheitspålagde testar før avreise frå hjemlandet og ved ankomst til Noreg. Fire av arbeidarane som testa positivt var i karantene på Trohaugen i Tomrefjord og to i Brattvåg.
 

Arbeidarane har vore i karantene sidan ankomst til Noreg, og er overført til dedikerte isolasjonsbrakker på Trohaugen.  

Tok test før ankomst til Noreg


Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet inntil 72 timar før ankomst Noreg. I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet også testa av verksemda sitt helseteam etter ankomst og ny test før karanteneoppholdet blir avslutta. Dette er tilleggstestar VARD tar på eige initiativ for å kunne oppdage om nokon kan ha blitt smitta etter at test er tatt i heimlandet, eller om ein har vore utsatt for smitte under reisa til Noreg. 


Smittesporing er gjennomført

Smittesporing er gjennomført. To av personane ankom i eit større reisefølge, og denne gruppa vil bli spesielt følgd opp av VARD sitt helseteam. Det er totalt 45 nærkontaktar som har vore i reisefølge med dei seks arbeidarane. Alle nærkontaktar har vore i karantene sidan ankomst, og vil bli testa på nytt fredag.

Sjå utfyllande pressemelding frå VARD.  (PDF, 129 kB)

Til toppen