Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Vær merksam på nye reglar!

Assisterande kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen i Ålesund kommune ber tilsette i kommunen merke seg endringar i reiseråda frå styresmaktene. Spania er no på lista over «raude» land som gjer at ein må i karantene i ti dagar etter at ein kjem heim frå desse landa.Klikk for stort bildeAssisterande kommunedirektør i Ålesund, Bente Glomset Vikhagen.   

Ålesund kommune har vald å følgje råda frå dei nasjonale styresmaktene når det gjeld behandling av tilsette som har vore på ferie i utlandet. Det er svært viktig at dei tilsette i kommunen, spesielt i dei i helsetenestene, er klar over konsekvensane av å reise til utlandet, seier Vikhagen.

I Ålesund skal no alle tilsette i helsetenestene som har vore i utlandet, også i dei grøne landa, teste seg før dei går tilbake på jobbDet er viktig å understreke at du kan ha krav på sjukepengar, dersom landet var grønt då du reiste ut, og raudt då du kom heim. Det har du ikkje krav på dersom du reiser ut n​​​​​​år landet er raudt.

Reiseråda frå regjeringa kan endre seg fortløpande. 

 Dei som vel å reise til utlandet no, må førebu seg på at dei kan kome i karantene når dei kjem heim. Dette må dei legge inn i ferien sin. Dersom ein må i karantene etter at ferien er over, blir dei tilsette trekt i løn. Dette er i samsvar med dei nasjonale retningslinene som er satt opp, seier Vikhagen.

Kommunen har stor kapasitet på testing, og alle tilsette som har vore i utlandet vert oppmoda om å teste seg når dei kjem heim. 

Kva land/områder som er ikkje har karanteneplikt kan  endre seg raskt, og oversikta blir oppdatert minst kvar 14. dag. 

Her er oversikt over raude og grøne reiseområde i Europa. For alle land utanom Schengen, er det påbod om karantene. Vi ber dei tilsette lese og sette seg godt inn i reiseråda her: 

Råd frå regjeringa og Folkehelseinstituttet frå 24. juli 

Endringa gjelder for dei som kjem heim eller reiser ut etter midnatt fredag 24. juli, eller kjem heim frå utlandet etter midnatt 24. juli. Frå og med 15. juli vart det innført unntak for besøk og reiser til land i EØS/Schengen som tilfredsstiller dei same smittekrava som i Noreg. Likevel rår Utanriksdepartementet mot alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land frå til  20. august.

Dersom du kjem til Norge frå eit "grønt område", slepp du karantene. Dersom du kjem til Norge frå eit "raudt område", må du i karantene.   Område som er grøne kan endrast til raude når ein er ute på reise. Då må ein likevel i karantene når ein kjem heim.

Ring kommunen sin testtelefon 70 16 40 60 mellom kl. 08.00 og 15.00 måndag til fredag for å avtale testing. Helg og heilagdagar er det ikkje testing.

Ålesund støttar seg til nasjonale råd

Ålesund kommune legg til grunn følgande råd som er utarbeid av nasjonale styresmakter. 

  1. Vi støttar helseministeren sine råd om å ta noregsferie i år. 
  2.  Dersom tilsette vel å reise, må eventuell karantene planleggast som ein del av feriefråveret. Dersom karantenetida ikkje inngår i det avtalte feriefråveret, må tilsette gå i karantene utan lønn (ulønna permisjon). 
  3. Vi minner om Folkehelseinstituttet sine presiseringar for helsepersonell.

 

Helsetilsette må følgje desse råda:

Helseregionane i Noreg har òg utarbeida ei liste på sju punkt som helsetilsette må halde seg til.
Ålesund kommune ber òg sin tilsette i helse- og omsorgstenesta om å følgje desse sju råd:

  1. Helseministeren anbefaler generelt å ta ferie i Noreg i år. Vi sluttar oss til denne anbefalinga.
  2. All reiseaktivitet til land/områder med låg smitterisiko («grøne» land/område som er unntatt karanteneplikt), skjer på eige ansvar. Under dei rådande forholda, ber arbeidsgivar om at alle tilsette nøye vurderer både behovet for å reise og kva forholdsreglar ein bør ta når ein vel å reise til dei enkelte land/område.
  3. Reiser til land/område med høgare smitterisiko («raude» land/områder med karanteneplikt) vert ein råda til å ikkje reise til. Dersom tilsette likevel meiner at dei har viktige grunnar for å reise til slike land/område, ber vi om at reisa først vert drøfta med næraste leiar.
  4. Dersom tilsette vel å reise til «raude» land/områder med karanteneplikt, ber vi om at dei på førehand gjer greie for korleis karantenetida vil bli gjennomført, slik at plikter og ansvar i arbeidsforholdet ikkje vert ramma unødig. Karantenetida er i dag på ti dager.
  5. Karantenetida skal primært planleggast som ein del av feriefråværet. Dersom karantenetida ikkje er ein del av det avtalte feriefråværet, må tilsette gå i karantene utan løn (ulønna permisjon). Som hovudregel gjelder dette også dersom landet/området ein kjem frå har endra status frå «grønt» til «raudt» under opphaldet.
  6. Dersom tilsette får luftvegssymptom etter ei reise i Noreg eller utlandet, skal dei testast for Sars-CoV-2, og halde seg heime til dei er symptomfrie. Det vert oppfordra til testing sjølv ved milde symptom eller vag mistanke om smitte.
  7. Tilsette skal informere arbeidsgivar dersom dei har vore på reise i land som ikkje er omfatta av karanteneplikta («grøne» land/områder) i løpet av dei siste 10 dagane før dei skal tilbake i jobb. Desse tilsette skal som hovudregel testast for Sars-CoV-2 før ein startar i jobb. Tilsette som vert testa skal bruke munnbind eller unngå pasientnært arbeid inn til negativ test er gitt. 

Les meir her:  Råd frå helseforetaka til helsepersonell som skal tilbake på jobb

Til toppen