VÅR DAG-arrangement i Ålesund

VÅR DAG-arrangement i Ålesund

VÅR DAG er ei nasjonal markering av Frivilligheita sitt år. Markeringa involverer alle i den norske frivilligheita og alle organisasjonar og foreiningar blir oppfordra til å velje seg sin dag for å vere med på å feire VÅR DAG!

     

Frivilligheita sitt år 2022 er godt i gang og blir markert frå nord til sør gjennom ulike aktivitetar, både frå sentralt hald og ved meir lokale arrangement.

Gjennom å lage eit VÅR DAG arrangement kan alle typar lag og foreiningar få synleggjort og aktualisert alt det frivillige arbeidet som blir lagt ned rundt omkring. Ein får også ei fin anledning til å vise fram kva aktivitetar ein driv med og kan tilby. Dagen kan de bruke til det de vil og den kan organiserast slik det passar den enkelte organisasjonen best. Det viktigaste er at lokalsamfunnet får anledning til å sjå kva de driv med. 

Ålesund frivilligsentral sine VÅR DAG-arrangement

Frivilligsentralane i Ålesund kommune har valt 20. mai som sin VÅR DAG-dato og vil markere dette gjennom fleire ulike arrangement:

  • Haram Frivilligsentral og Brattvåg bibliotek
    Open dag på Tenestehuset i Brattvåg (Strandgata 40) kl 11.00-14.00. Det vert servert kaffi og noko å bite i saman med ein god samtale. Vel møtt!
     

  • Ålesund Frivilligsentral
    Open dag frå 12.00 – 14.00 ved Frivilligsentralen i Kirkegata 33. Det blir servert vaflar og kaffi. Velkomen innom for ein hyggeleg prat om frivilligheit i Ålesund!
     

  • Skodje Frivilligsentral og Skodje bibliotek 
    Velkomen til Skodje bibliotek mellom kl. 12.00 og14.00. Det vil bli servert kaffi og litt å bite i. Vel møtt!

  • Ørskog frivilligsentral 

    • Kl. 10.30 - 11.00: Sterk og stødig - trim med instruktør. Ope for alle over 65
    • Kl. 11.00 - 13.00: Kaffe, noko å bite i og god prat. Ope for alle.
      Velkomen!

Her kan du lese meir om VÅR DAG-arrangement og Frivilligheita sitt år

Til toppen