Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Siste nytt

Vaksinert ein annan stad i landet eller utanlands?

I løpet av vekene som går opplever dei på vaksinestasjonen i kommunen at fleire ikkje møter opp til timane sine. Gi oss beskjed om du har fått koronavaksinen ein annan stad. Foto av kvinne i uniform som holder en vaksinesprøyte - Klikk for stort bilete 

- Vi har ikkje oversyn over innbyggarar i Ålesund kommune som har fått vaksinedose ein annan stad (til dømes gjennom arbeidsgivarar som sjukehus, eller andre kommunar). Derfor kan desse bli innkalla igjen av oss. Oppfordringa vår er derfor; er du allereie vaksinert av andre må du gi oss beskjed, fortel Thea Liavaag Ellefsen som arbeider på vaksinesasjonen på Color Line Stadion. 

Har du fått koronavaksinen ein annan stad? Send oss ein e-post til massevaksinering@alesund.kommune.no med namn og fødselsdato.

Til toppen