Utslepp av ureinsa avløpsvatn ved Åse reinseanleggGrunna ombygging av reinseanlegget må drifta innstillast frå og med fredag 17. til og med fredag 24. juni. I perioden rår vi om å ikkje bade eller vasse i området Åsestranda – Geileberget. Det betyr at ureinsa avløpsvatn sleppast direkte ut i Åsefjorden ved reinseanlegget. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har behandla søknad om produksjonstopp i denne tida, og godkjend søknaden. I perioden rår vi om å ikkje bade eller vasse i området Åsestranda – Geileberget. Ved eit direkte utslepp over så kort tid, blir avløpsvatnet fortynnt langs fjorden. Ålesund kommune beklagar dei ulemper dette måtte medføre. Sist endra 21.06.2022 09.05