Utskrift av koronasertifikat

Utskrift av koronasertifikat

Er du fullvaksinert eller treng hurtigtest for å få godkjent koronasertifikat? Har du ikkje tilgang på helsenorge.no på smarttelefon, PC eller nettbrett? Frå 1. februar kan kommunen skrive det ut for deg.Illustrasjon av koronaviruset - Klikk for stort bilete 

Koronasertifikat er alltid tilgjengeleg digitalt på helsenorge.no

Slik går du fram når du er fullvaksinert, ikkje har tilgang til helsenorge.no og ønsker utskrift av koronasertifikat:

  1. Møt opp på eit av Ålesund kommune sine innbyggartorg innanfor opningstida. Opningstidene finn du her. Du treng ikkje å bestille tid eller gjere avtale på førehand.
  2. Vis fram gyldig legitimasjon, til dømes førarkort, pass eller bankkort med bilde. Merk at det må vere personleg frammøte, du kan ikkje hente ut koronasertifikat på vegne av andre.
  3. Innbyggartorget skriv ut koronasertifikatet på staden og du får det med deg med det same.

Meir informasjon

Til toppen