Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Utsatt frist for lag og organisasjonar

Klikk for stort bildeFrå Fellesverket i Ålesund. Tone Molnes  Er du med i eit lag eller ein organisasjon som utfører helse - og sosialrettede oppgåver? No kan dere søke om støtte, og fristen er utsatt til 24. april.

Ålesund kommune kan gi tilskot til frivillige lag og organisasjonar som utfører helse - og sosialrettede oppgåver mot innbyggarane i Ålesund kommune.

Tilskota blir gitt etter søknad frå lag og organisasjonar i Ålesund kommune, og blir fortrinnsvis tildelt konkrete prosjekt.

Korps og idrettslag må søke kulturmiddel for støtte til den generelle verksemda si. Helse- og sosialmiddel kan likevel bli søkt til spesifikke aktivitetar som til dømes tar sikte på å betre integrering, kjempe mot barnefattigdom og liknande.

Søk

På grunn av koronasituasjonen er søknadsfristen utsatt til 24. april

Søk om tilskudd til lag og organisasjoner med helse- og sosialformål

Til toppen