Ordførar Eva Vinje Aurdal leia møtet
Jon Åge Giske Andersen
Møtet starta med ei alvorstung orientering om sikkerheitssituasjonen, arbeidet kommunen gjer med beredskap og særleg IT-beredskap. Beredskapsarbeidet skal oppretthalde tenestene, og beskytte befolkninga og verdiane i samfunnet.
Uvanleg høgt trusselsnivå
Det kommunale beredskapsarbeidet er bygd opp med utgangspunkt i eit krisespekter.
Åse Karin Gjære gav ei orientering om arbeidet med beredskap i kommunen
Jon Åge Giske Andersen
- Lågast er kvardagshendingar, dette er mindre hendingar som kan handterast med våre interne ressursar.
- Over dette er hendingar som er større enn kapasiteten i grunnberedskap og dei rutinane ein har i organisasjonen.
- Det som ligg over dette er krig, sikkerheitspolitiske kriser, pandemi, eller andre vedvarande kriser større geografisk omfang.
Vi har dei siste åra hatt fleire hendingar og kriser som ligg i den mellomste og øvste delen av spekteret, som pandemi og krig i Europa. Dette er underbygga av NSM sin årlege rapport “Risiko”, som viser at vi er i ei uføreseieleg tid prega av høgare trusselnivå.
Digitale angrep
Særleg cyberangrep har auka dei siste åra, desse blir sikta inn mot stadig mindre verksemder og enkeltindivid for å unngå mottiltak. Våre globale motstandarar har eit ønske om å svekke tilliten til offentlege myndigheiter, viktige samfunnsfunksjonar og kritisk infrastruktur. Det er til dømes gjennomført cyberangrep mot sjukehus, SSB, NSM og BankID, truleg som svar på norsk utanrikspolitikk. Det viser kor viktig det er å ha gode rutinar på sikkerheit.
Løysepengevirus har blitt ei kjelde til stor nasjonal risiko, med angrep mot både offentlege verksemder og det private næringslivet. Østre Toten og Fjord kommune har begge blitt råka av løysepengevirus dei siste åra. Dette er angrep som kan mørklegge den kommunale infrastrukturen totalt. I tilfelle Østre Toten har det kosta fleire titals millionar kroner og tatt månadsvis å reparere.
Kommunen har dei siste åra knytt beredskapsarbeidet stadig tettare opp mot IT-sikkerheita, noko som har vore vellukka. Likevel er det framleis eit stort behov for å bygge beredskap og innføre sikkerheitstiltak, og å bygge kultur for beredskap i kommuneorganisasjonen.
Tilskot til Atlanterhavsparken og Dale Oen Academy
Kommunestyret vedtok i ulike saker å gi eit auka tilskot til Atlanterhavsparken, og eit tilskot til Dale Oen Academy. Det vart også vedtatt å inngå samarbeidsavtalar med dei to aktørane, for å sikre framtidig drift av tilboda som vert ytt.
I tillegg til andre vedtak kom kommunestyret til følgande avgjerder:
- Kommunestyret er sterkt uroa over mangelen på akutt tilbod til eldre psykisk sjuke pasientar ved Ålesund sjukehus, og ber Helse Møre og Romsdal opprette eit forsvarleg tilbod til denne pasientgruppa.
- Ålesund kommunestyre godkjenner at Ålesund kommune overtek Moa legesenter A/S frå 1. september 2023 gjennom ei verksemdoverdraging.
- Ålesund kommunestyre ber om at det viktige arbeidet med informasjon om kursvirksomhet (om demenssjukdom) fortsetter i samarbeid med næringslivet og sivilsamfunn.
Meir informasjon
For full oversikt over vedtaka og saksgangen kan du lese møteprotokollen i Innsyn, eller sjå opptak av direktesendinga på KommuneTV.