Unge i hus?

Unge i hus?

Det blir ikkje sommarskole i år, men det blir mellom anna fleire gratis tilbod i kommunen for barn og ungdom i veke 26. Pluss fleire gratis aktivitetsveker i sommar. Informasjonen oppdateres.

Foto av barn med instrument og fotball som løper mot kamera i en gang - Klikk for stort bilete Tone Molnes  

Sommarvibben

Det blir aktiviteter innan fem ulike tema og for alle som vil! I veke 26 kan elevar som gjekk i 8., 9. eller 10. klasse denne våren delta, medan elevar som gjekk i 5., 6., eller 7. klasse kan delta i veke 27.

Påmelding

Påmelding for veke 26 for 8. til 10.-trinn

Påmelding for veke 27 for 5. til 7.-trinn

Spørsmål?

Sjå facebook-sida til Sommarvibben, eller ta kontakt med arrangør Eira på tlf. 98 87 69 44 eller Sander på tlf. 95 00 53 92.

E-Teams og symjing

E-Teams får i år igjen bruke lokalitetane på Blindheim ungdomsskole og fått med seg Ålesund symje- og livrednings klubb (Aalesund SLK), i 2 veker (26 og 27). Då blir det symjing og gaming.

Dei andre vekene 30, 31 og 32 er varierande aktivitetar. Dette er eit tilbod som skal passe for alle som liker å spele.

Påmelding

Påmelding er i Tikkio og opnar 20. juni kl.15:00. Det er avgrensa tal plassar og dette er plassane som er igjen.

Frå 13 år

Gaming event for ungdom veke 31 (frå 13 år)

Spørsmål?

Ta kontakt med arrangør Anne på e-post til anne.jensen@alesund.kommune.no.

MAKS – Maritimt aktivitetssenter

  • Stad: Røsokvika
  • Våttkort introkurs (3,5 time) Fredag 1. juli
    • Kurs 1: kl. 13.00- 16.30
    • Kurs 2: kl.17.00- 20.30

Praktisk øving, lære å bruke kajakk, åre, trekk og vest. «Våttkort» kursbevis ved gjennomført kurs

Påmelding: Kurskalender / påmelding (padlekurs.com)

MAKS- Maritimt aktivitetssenter har også ope elles i sommar, Utlånsordninger | BUA. Det er ikkje organisert aktivitet, men eit gratis tilbod til born i følgje med vaksne som har våttkort.

Brattvåg bibliotek

  • Stad: Strandgata 40, Brattvåg
  • Tlf: 47 68 20 67
  • Måndag – fredag frå kl. 10:00 – 16:00

Innviterar til spel med PS4, testing av robotar, brettspel og lese ei god bok aleine eller saman med venar.

Gropa Racing - Hildre

  • Tlf: 45 84 05 01
  • Målgruppe: Frå 8 år
  • Opningstider: Måndag 27. juni frå kl. 10.00 – 13.00, kl. 17.30 – 20.00. Laurdag 2. juli frå kl. 13.00 – 15.30. 

Tilbodet skal gi innføring og forståing av bilens verkemåte, samt lett innføring i vedlikehald og sikkerheit.

Send fult namn og fødselsår på deltakar og namn og mobil på føresette om ein ønsker å melde på barnet. Avgrensa med plassar.

NB: For barn under 10 år kommer aktiviteten til å forgå på kveldstid og det krev at føresette er med.

Skøye ungdomsklubb

  • Stad: Skodje
  • Opningstider: Måndag 27. juni frå kl. 18:00 –  21:00 og fredag 1. juli frå kl. 19:00 – 23:00

Kiosk og aktivitetar.

BLÅ Kors Ung

  • Stad: Rådhusgata 5
  • Tlf. 94 89 17 29
  • Målgruppe: 12 – 16 år

Måndag 27 juni frå kl. 14:00 – 17:30 er det Mandagsklubb med fisking på brygga.

Tysdag 28. juni er det tur til Runde. Ta kontakt på telefon for meir informasjon.

Onsdag 29. juni er det jentekveld med bowling og en tur på McDonnalds.

Fredag 1. juli er det opent hus frå kl. 18:00 – 23:00

Laurdag 2. juli er det fotball i ballbingen på Volsdalen frå kl. 12:00 – 15:00.

Skattkammeret

  • Stad: Nybømarka 2
  • Tlf: 92 08 59 63
  • Opningstider: Tysdag - onsdag frå kl. 10:00 – 15:00, torsdag frå kl. 11:00 - 18:00. Same opningstid i heile sommar.

Gratis leige av ulike sommaraktivitetar som padeltennis, SUP (Stand Up Paddelboards), kano, telt, hengekøyer, soveposar, flytevestar, turnmadrassar, popcornmaskin, skateboards, rulleskøyter, grill, kubb og andre hagespill, beremeis, tursko og kler, kajakk, reiseseng, tarp, sykkelvogn, fiskestong, jervenduk, våtdrakt, tørrdrakt, kompass, disc golf/frisbee golf, vatnski, prampack, tube, instrumenter og mykje meir.

Fellesverket Dragen

Tysdag 28 juni er det hesteriding. NB: Avgrensa med plassa

Torsdag 30. juni er det Bybadet. NB: Avgrensa med plassa

Kvar måndag og onsdag mellom kl 14:00 - 19:00 er det gratis ungdomskafé og andre aktivitetar i heile sommar.

Borgund dyreklubb

Veke 26

4. – 7. klasse  «Dyr, gårdsliv og aktiviteter»

Borgund Dyreklubb | Tikkio

Veke 32

4. – 7. klasse «Dyr, gårdskiv og aktiviteter»

Borgund Dyreklubb | Tikkio

Akslen Gård

Veke 27

Gratis gårdsferie frå måndag – torsdag kl. 09:30 – 14:00.

Målgruppa er 10 – 14 år.

Ulike aktivitetar på Akslen gård.

Ta kontakt med Julie Akslen for påmelding: julie.akslen@hotmail.com eller på telefon.

Fleire tilbod

Vil du ha oversikt over friområde, badeplassar eller om du og din familie kan låne fritidsutstyr? Sjekk samlesiden vår.

I Friskus aktivitetskalender finn du mange spennande arrangement. Ikkje alle arrangement er gratis.

Til toppen