Siste nytt

Trine er prosjektleiar for Verksted Da Vinci

I lag med Aggregat kunstnerfelleskap skal vi samarbeide om eit kunstprosjekt for barn, med namnet Verkstad Da Vinci. Trine Smoor Isaksen er tilsett som prosjektleiar. Ho har solid erfaring frå prosjektarbeid i skolen og har kunstfaglig bakgrunn og utdanning.Smilende kvinne med mørkt hår i park med høstfarger - Klikk for stort bilete Privat

Kultursjef Oskar Skulstad er svært nøgd med tilsettinga.

- Ein drivande dyktig koordinator er avgjerande for om vi skal lykkast med pilotprosjektet Verkstad Da Vinci. Vi er derfor veldig glad og letta for at Trine har takka ja. Ho har alle kvalitetane som skal til for å gjere dette til ein suksess!

Pilotprosjektet startar til hausten med varigheit ut 2022. Isaksen skal følge 5. trinn ved Aspøy skole i denne perioden og introdusere elevane for eit breitt spekter av kunstuttrykk og ei rekke kunstnarar.

Ho skal òg koordinere delar av drifta ved Aggregat.

Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom stimuleringsmidlene Byen som regional motor og Sparebanken Møre. 

Til toppen