Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Siste nytt

Trekker tilbake faktura for eigedomsskatt og gebyr

Innbyggarane i Ålesund slepp å betale faktura for kommunale skattar og gebyr ved forfall no den 20. april.Klikk for stort bilde     

-Administrasjonen i Ålesund kommune har i ein etterkontroll av kommunale avgifter oppdaga feil i fakturagrunnlaget som har ført til at abonnentane har fått for høge gebyrsatsar for vann og avløp, seier verksemdleiar Jesper Sode Hansen.

Kommunen gjer no nye berekningar,  og vil legge fram eit nytt forslag til gebyrregulativ som kommunestyret kan vedta 7. mai.

-Fakturaen som er sendt ut vil derfor bli kreditert i heilskap. Det nye utrekna gebyret, vert fordelt på dei tre siste kvartala. Det vil også kome ei betre presisering på fakturaen du mottar, og kva du betalar for. Første faktura har forfall i juni, seier Hansen.

Sjekk rekninga uansett

Kommunen vil uansett oppmode alle abonnentane til å sjekke  fakturaen dei har fått, spesielt bruksareal eller målt vassforbruk og melde inn eventuelle feil til kommunen. Det er allereie fleire som har gitt tilbakemeldingar, og det takkar vi for.

Til toppen