Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Siste nytt

Tredje vaksinedose til alle over 65 år

I løpet av november vil Ålesund kommune starte vaksineringa med ein tredje dose for denne aldersgruppa. Etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet vil kommunen starte med dei over 85 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar.Foto av kvinne i uniform som holder en vaksinesprøyte - Klikk for stort bilete 

Neste aldersgruppe blir 75 til 84 år, og til slutt aldersgruppa 65 til 74 år. 

Den tredje dosa kan tidlegast bli gitt seks månader etter ander dose, og det er Pfizer si vaksine som per no er godkjend for tredje dose. Oppstart er satt til veke 45 og 46.

Prioriterer influensavaksinen

Kommunen har fått beskjed om å prioritere influensavaksinering framfor tredje vaksinedose til dei over 65 år. Influensavaksineringen vil starte opp i veke 44.

Med godt samarbeid og hjelp frå dei lokale legekontora fekk Ålesund kommune gjennomført grunnvaksinasjonen tilbake i vår.

- Ein arbeider no med ein plan for å organisere vaksineringa best mogleg, både for kommunen og fastlegeordninga. Det å skulle vaksinere både for influensa og Covid-19 vil utfordre kapasiteten. Influensavaksineringa skal prioriterast og vil starte opp i veke 44. Det må gå ei veke mellom influensavaksinen og tredje dose, fortel assisterande kommunalsjef for helse og omsorg, Torfinn Strand Vingen.

Meir informasjon om påmelding for influensavaksine og tredje dose av koronavaksine vil komme etter kvart.

Framleis vaksinering av dose tre til personar med alvorleg nedsett immunforsvar

Det er frå tidlegare bestemt at personar med alvorleg nedsett immunforsvar, uavhengig av alder, skal ha ein tredje dose som del av si grunnvaksinering.

Ålesund kommune er allereie i gong med dette arbeidet. Dei det gjeld er delt inn i to grupper og kan melde seg på direkte gjennom digital påmelding.

Til toppen