Trafikkomlegging i Ålesund sentrum

Trafikkomlegging i Ålesund sentrum

I samband med gravearbeid i Storledbakken og Borgundvegen blir trafikken i sentrum lagt om. Arbeid i krysset Storledbakken – Gjerdegata – Kipervikgata startar opp måndag 15. august. Les i saken kva det betyr for deg.Foto av Ålesund frå lufta. - Klikk for stort bileteFlyfoto Ålesund sentrum Harald M. Valderhaug  

  • For bilar over 7 meter vil Parkgata vere stengt frå Storgata og austover, i tillegg til at Kipervikgata og Keiser Willhelms gate blir stengt for bilar over 7 meter frå Buholmgata og austover.
  • For personbilar til området Vervgata – Gjerdegata, nord for Borgundvegen/ Storledbakken, vil omkøyring vere skilta etter kvart som ulike delar av arbeid i gatene er i gang.

For området Buholmgata  til Borgundvegen – Storledbakken vil gatene vere opne for tilkomst til bustadar og butikkar, men ikkje for gjennomkøyring.

Arbeid vil påverke busstilbodet frå 22. august

Arbeid i krysset Borgundvegen – Vervgata startar etter planen opp måndag 22. august. Dette vil påverke busstilbodet og informasjon kjem før oppstart.

Vi ber om at dei som ikkje bur eller arbeidar i området heller nyttar tilkomst til og frå sentrum på Ålesundsvegen (Innfartsvegen) og Borgundvegen via Røysegata.

Arbeidet skal etter planen vere ferdig i slutten av september 2022.

Til toppen